Norsk pasientskadeerstatning og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er tildelt prisen "Årets arkiv"
Me får prisen for å vere modige og nytenkjande i arbeidet med nytt sakshandsamingssystem.
Foreininga INIO (tidlegare Norsk arkivråd) deler årleg ut ein pris for å heidre framifrå arbeid og utvikling innan dokumentasjonsforvalting og informasjonsstyring. Prisen skal stimulera til nytenking og utvikling av faget, og vere til inspirasjon for andre.
Norsk pasientskadeerstatning og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er tildelt prisen «Årets arkiv» for 2024!
Marit Stene Myrvåg frå Norsk pasientskadeerstatning og Helge Fauskanger frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta tok imot prisen.
Prisvinnarane utfordrar fagmiljøet
Prisen er tildelt for arbeidet vårt knytt til nytt sakshandsamingssystem med innebygd arkivering, som ikkje er Noark-godkjent på førehand.
Juryen meiner at me er modige som utfordrar noverande tilstand og samstundes signaliserer behovet for innovasjon — både ovanfor arkivmyndigheita og Noark-leverandørane. Dei likar spesielt at me gjer dette for å få eit system som dekkjer våre behov, og at me samarbeider tett med både leverandørar og Arkivverket om å utnytte den samla fagkompetansen og handlingsrommet i lovverk og krav.
Les heile grunngjevinga til juryen
Me tek i bruk nytt sakshandsamingssystem i 2025
Norsk pasientskadeerstatning og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta jobbar no med kvar si løysing, og har valt eit sakshandsamingssystem som husar både administrative saker og fagsaker. Løysingane vert bygd rundt primæroppgåvene våre, som er sakshandsaming.
Målet er å effektivisera sakshandsaminga og redusera handsamingstidene, men òg å auke dokumentasjonsfangsten og kvaliteten på dokumentasjonen.
Det nye systemet vert innført i løpet av 2025.