Finansiering av ordninga

Kven eig NPE, og korleis blir pasientskadeordninga finansiert?

Skriv ut Bokmål | English | 7. september 2020

NPE er ein statleg etat underlagd Helse- og omsorgsdepartementet.

Det er i hovudsak dei regionale helseføretaka som finansierer ordninga. Fordelinga mellom dei fire føretaka blir rekna ut frå kor stor del av erstatningsutbetalingane dei siste fem åra det enkelte regionale helseføretaket står for. Vi reknar ut summane dei skal betale ut frå prognosen vår for erstatningsutbetalingar. Eit eventuelt avvik mellom innbetalt tilskot og faktisk utbetalt erstatning blir justert ved ei avrekning året etter. 

I tillegg betalar det enkelte sjukehuset ein eigendel i saker der vi gir medhald. Eigendelen er på 10 000 kroner, pluss 10 prosent av den attverande summen – maksimalt 100 000 kroner.

Fylka finansierer utbetalingar for den offentlege tannhelsetenesta, og kommunane finansierer utbetalingar i samband med den kommunale helse- og omsorgstenesta. Fylka og kommunane betalar ein del ut frå innbyggjartalet. Vi krev ikkje inn eigendelar frå kommunar eller fylkeskommunar.

Skadar som har oppstått før 1. januar 2003 blir behandla etter dei mellombelse reglane og blir finansierte av staten.

Behandling av sakene i privat helseteneste blir finansiert gjennom tilskot frå verksemdene som sysselset helsepersonell. Tilskota skal fullt ut dekkje utgifter knytte til erstatningskrava: erstatningsutbetalingar, utgifter til advokathjelp og driftsutgifter for NPE og Pasientskadenemnda.