Legemiddelforsøk

Det er to erstatningsordningar som gjeld for personar som får ein skade etter å ha delteke i legemiddelforsøk.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

Når du deltek i legemiddelforsøk, er det vanleg å lure på kva slags forsikring som gjeld, om du skulle være uheldig å få ein skade.

To erstatningsordningar

Det er inga vanleg forsikring som gjeld, men i staden er det to erstatningsordningar som kan vere aktuelle. NPE har ansvaret for båe ordningane, og saksutgreiinga er gratis:

  • legemiddelforsikringsordninga
  • pasientskadeordninga

Legemiddelforsikringa dekkjer skadar forårsaka av forsøket, til dømes biverknader av sjølve legemiddelet, prosedyrar knytte til forsøket, eller annan behandling i samband med det.

Pasientskadeordninga dekkjer pasientskadar som er valda under medisinsk forsøksverksemd og der det har skjedd ein behandlingssvikt.

Ordningane kan av og til overlappe kvarandre og det er ikkje alltid lett å vite kvar saka høyrer heime. Dette vil vi hjelpe deg med.

Val av søknadsskjema 

Om du er usikker på kva søknadsskjema du skal fylle ut, er det best for deg om du vel søknadsskjema - pasientskade eller at du ringjer oss for rettleiing. Vi vil sørgje for ei rett utgreiing av saka, og at dei som har ansvaret for forsøket blir involverte.

Sjuke personar som deltek i forsøk

Både friske personar og sjuke pasientar deltek i forsøk med legemidlar. Ofte vil rekrutteringa gå føre seg gjennom at du allereie er i kontakt med helsevesenet fordi du er sjuk. I slike tilfelle vil legemiddelforsøket normalt vere ein del av ei pågåande behandling. Om det er tilfelle, og du får ein biverknadsskade som du òg kunne ha fått ved vanleg behandling, er det ikkje sikkert at du har rett til erstatning. Det kjem an på ei heilskapsvurdering av fleire forhold. Ifølgje lova skal det mellom anna leggjast vekt på kor viktig behandlinga var for deg, om du hadde eigeninteresse av å delta i forsøket, og om legemiddelet hadde positiv effekt.

Om du til dømes har ein alvorleg kreftsjukdom og får behandling gjennom å delta i eit forsøk, og du blir kreftfri, vil du normalt måtte tåle biverknadsskadar som er kjende, og som du òg kunne ha fått gjennom vanleg behandling.

Friske personar som deltek i forsøk 

Om du på førehand er frisk og deltek i eit forsøk utan eigeninteresse av legemiddelbehandlinga, vil du normalt ha rett til erstatning for biverknadsskadar. Har du til dømes fått eit ubehageleg utslett som gir deg utgifter til salve osv. vil du kunne få erstatning for det.

Statistisk sett er det heldigvis liten tilleggsrisiko knytt til å delta i forsøk, samanlikna med det å ta imot ordinær legemiddelbehandling. Om saka di fell inn under legemiddelforsikringsordninga, kan du få erstatta eit økonomisk tap frå første krone. Høyrer ho derimot heime under pasientskadeordninga, er det eit vilkår for erstatning at du har hatt eit tap på minst 10 000 kroner, eller har fått eit varig mein på minst 15 prosent.