Søknadsskjema

Du kan søkje erstatning for biverknader av legemiddel. Du kan eventuelt i tillegg søkje erstatning for svikt i behandlinga. Søknadsskjema finn du her.

Skriv ut English | 14. desember 2020

Det er ikkje alle typar biverknader som gir rett til erstatning. Les meir om vilkåra for å få erstatning.

Biverknad og svikt i behandlinga

Svikt i behandlinga kan vere mellom anna feil dosering og feil medikament. Om du ynskjer å søkje om erstatning for både biverknader av medisinar og svikt i behandlinga, fyller du ut skademeldinga for NPE.

Tilrådde vaksinar 

Om du skal søkje erstatning etter å ha teke vaksine som er i det Nasjonale vaksinasjonsprogrammet, skal du søkje på skjema for pasientskade.

Legemiddelskade 

Om du ynskjer å søkje om erstatning for biverknader av medisinar, fyller du ut søknadsskjema for legemiddel.

Har du spørsmål om kva søknadsskjema du skal bruke, ta gjerne kontakt med oss på telefon 22 99 45 00.