Kan helsepersonell bli saksøkte direkte?
Som hovudregel vil personar som får ein behandlingsskade søkje erstatning i NPE. I nokre svært få tilfelle, ser vi at dei saksøkjer helsepersonell direkte. Dette er det ei viss opning for i lovverket.
Erfaringa vår er at svært få erstatningssøkjarar saksøkjer helsepersonell direkte. Sakene vil då bli behandla i domstolane. Slike søksmål kjem truleg fyrst og fremst der erstatningssøkjaren krev oppreising, fordi dette ikkje blir dekt hos oss.
Offentleg helseteneste
Erstatningssøkjarar i pasientskadesaker kan ikkje saksøkje offentlege organ eller helseføretak, men dei kan saksøkje det enkelte helsepersonellet.
Privat helseteneste
I den private helsetenesta kan erstatningssøkjarane velje om dei vil saksøkje både helsepersonellet og verksemda, eller berre ein av dei.
Behandling av krav retta mot helsepersonell
Om erstatningssøkjaren vel å saksøkje helsepersonell direkte, er det alminneleg erstatningsrett som gjeld. Det vil seie at helsepersonellet må ha utvist aktløyse for at erstatningssøkjaren skal få rett til erstatning. Det skal då meir til for at erstatningssøkjaren når fram med kravet sitt.
Krav retta mot helsepersonell
Vi er ansvarlege for å utbetale erstatning i saker som kunne vore meldt etter pasientskadelova. Om du får eit krav retta direkte mot deg, kan du kontakte oss for rettleiing.