Rapport meldesystem 2014-2017
I samarbeid med ei rekkje helseføretak har vi undersøkt kor stort samsvar det er mellom saker der pasienten har fått erstatning som følgje av svikt i behandlinga hos NPE og saker som er melde i avvikssystema på sjukehusa. Føremålet med kartlegginga er å finne ut om skadar som har fått medhald i NPE på grunn av svikt i behandlinga, finst som registrerte avvik i dei lokale meldingssystema.