Jobben min
Det jobbar rundt 170 medarbeidarar i NPE. Det er fagfolk innan blant anna saksbehandling, juss, IT, kommunikasjon, økonomi og leiing. Vi legg stor vekt på kvalitet og fagleg ekspertise. Erstatningssøkaren skal vere viktigast i alle ledd i behandlinga av erstatningskrav.
- Eg jobbar med ansvarsutgreiing og skal finne ut om det har oppstått ein pasientskade som kjem av svikt i behandlinga og om pasienten skal få erstatning. Det er nesten som å vere ein etterforskar der eg samlar inn mest mogleg dokumentasjon om kva som har skjedd og får ei heilskapleg oversikt. Viktige brikker er blant anna å innhente relevante journaldokument, vere i dialog med erstatningssøkaren og kople inn uavhengige sakkunnige som gjennomfører medisinske vurderingar. Eg er heldig som får greie ut saker, og bidra til forsoning og økonomisk kompensasjon.
Linnea, behandlar.
- Eg er jurist og får masse interessante utfordringar innanfor eit område med både juss og medisin. Noko av det beste med jobben er at dagane er varierte fordi eg gjer så mykje ulikt. Eg lærer opp saksbehandlarane og skriv fagnotat som skal hjelpe dei i arbeidet. Eg er også med på å forbetre regelverket og avklare prinsipielle juridiske spørsmål. Ei overordna oppgåve er å sikre at like saker blir likt behandla, og at vi utbetaler rett erstatning. Erstatningssøkarane skal kjenne seg trygge på at vi tar rette avgjerder.
Trude, juridisk fagrådgivar.
- Det kan vere vanskeleg å ta det første steg og klage på behandlinga ein fekk som pasient. Eg jobbar på servicesenteret og er ofte den første erstatningssøkarar tar kontakt med. Eg svarer på spørsmål på telefon og e-post og hjelper til med å løyse flokar i søknadsprosessen. Nokon slit med å fylle ut søknadsskjema, andre lurer på kvifor det tar tid å få svar på om dei får erstatning. Eg har sjølv helsefagleg bakgrunn og liker å prate med folk. Det er to gode eigenskapar for å kunne gjere ein god jobb som eg stortrivst i!
Cecilie, Servicesenteret.
- Eg bidrar til at flest mogleg får vite at dei kan få erstatning når noko har gått gale. Mykje av tida går til å formidle viktig informasjon til avisar, radio, TV og sosiale medium om kva rettar pasientar har. Eg er stolt over å vere med på laget som gir erstatning til pasientar etter svikt i helsetenesta.
Øystein, kommunikasjonssjef.