Kven har meldeplikt?

Alle verksemder som yter helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal betale tilskot til NPE. Denne tilskotsordninga sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling, får den erstatninga dei har krav på.

Skriv ut Bokmål | English | 18. mai 2021

Kven har meldeplikt?

Den som er ansvarleg for ei verksemd som sysselset autorisert helsepersonell som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta, skal betale tilskot til NPE.

Kvart enkelt helsepersonell er fagleg ansvarleg for den behandlinga som blir gitt, men når det kjem til melde- og tilskotsplikta vil det vere verksemda som sysselset helsepersonell som er ansvarleg overfor NPE.

Kva er ein sysselsett?

Med sysselsett meiner ein både helsepersonell som er tilsette, engasjerte og innleigde helsepersonell. Dette gjeld óg sjølvstendig næringsdrivande så lenge dei ikkje er økonomisk ansvarlege for verksemda.

Sysselsetjingsomgrepet er eit mykje meir utvida omgrep enn tilsettomgrepet, noko som inneber at det famnar breiare enn slik det blir nytta under arbeidsgivaransvaret.

Er klinikken som eit kontorfellesskap å rekne, vil meldeplikta liggje på den enkelte sjølvstendig næringsdrivande. Der helsepersonell er sjølvstendig næringsdrivande med eige organisasjonsnummer, og berre leiger seg inn i ein klinikk ved at dei betalar for bruk av lokale og utstyr, vil dette likestillast med eit kontorfellesskap. Slikt helsepersonell er då ansvarleg for å melde inn og betale sjølvstendig. Eit eksempel på dette kan vere såkalla leigetannlegar. Dette føreset likevel at det er tydeleg fråskilt verksemda (klinikken) elles, i form av eige journalsystem og eige økonomisystem. Pasienten må då «tilhøyre» dette helsepersonellet og ikkje klinikken.

Vidarefakturering

Det er ikkje noko i vegen for at eigar og ansvarleg for ei verksemd vidarefakturerer det enkelte sysselsette helsepersonell for delen av tilskot som blir betalt til NPE.

Konsekvensen av ikkje å overhalde melde- og tilskotsplikta

Om ein ikkje melder inn og betalar tilskot, kan vi krevje regress frå verksemda. Denne regressen skal dekkje kostnadane knytte til saksbehandlinga og ein eventuell erstatningssum om vi får meldt ei sak. Vi vil òg krevje tilskot etterbetalt, om det er år verksemda er tilskotspliktig og ikkje har betalt tilskot. I ytste konsekvens kan det òg bli aktuelt med bøter eller fengsel.

Både privat og offentleg arbeid

Det offentlege betalar tilskot for all verksemd i offentleg helseteneste. Jobbar du privat i tillegg til offentleg, skal du registrere og betale for den private delen.

Om verksemda har delvis driftstilskot, skal differansen mellom stillingsprosenten og driftstilskotet registrerast. Til dømes om du jobbar 100 prosent og har 20 prosent driftstilskot, må du melde dette inn, og du betalar då for 80 prosent av prisen for profesjonsgruppa.

Refusjon frå Helfo/NAV

Det at ei verksemd heilt eller delvis får refusjon frå Helfo eller NAV, inneber ikkje at den delen av verksemda blir rekna som offentleg.

Praksis/turnus

Det skal ikkje betalast tilskot for den som er i praksis eller turnus om verksemda blir driven med driftstilskot eller turnuskandidaten er løna av det offentlege.

Verksemd som har helsepersonell i rettleid praksis eller turnus er ansvarleg for å melde inn og betale tilskot til NPE.

Verksemder som har helsepersonell i praksis eller turnus som behandlar pasientar utan rettleiing er ansvarleg for å melde inn og betale tilskot til NPE.

Melde- og tilskotsplikta gjeld uansett eiga forsikring

Om du har forsikring gjennom profesjonsforeining (foreiningar med kollektivavtale hos oss er unnateke), eller har eiga norsk eller utanlandsk ansvarsforsikring, fritek ikkje dette for plikta etter pasientskadelova til å melde frå og betale tilskot.

Eksempel på kven som ikkje har meldeplikt

Vikarar
Det er den som sysselset (leiger inn) ein vikar som pliktar å melde inn og betale tilskot. Ofte vil ein vikar tre inn og jobbe i staden for den som alt er meld inn, som ein har betalt tilskot for. Er årsverket til vikaren det same som det som blir erstatta av vikaren, treng ein ikkje melde inn på nytt. Vikaren er då allereie dekt.

Helsepersonell som berre jobbar administrativt 
Verksemder som sysselset helsepersonell, men der verksemda ikkje driv med helsehjelp, er ikkje tilskotspliktig. Eksempel på dette kan vere helsepersonell tilsette i direktorat, tilsyn, forsikringsselskap, NAV, fylkeslege, osv. Helsepersonell som berre jobbar administrativt i ei verksemd som yter helsehjelp, skal ikkje meldast inn og betale tilskot.

Om du jobbar berre dels administrativt, og resten med helsehjelp, pliktar du å melde inn og betale fullt tilskot.

Vikarbyrå
Byrå som formidlar helsepersonell skal ikkje melde frå til oss. Meldeplikta ligg hos den verksemda som har sysselsett helsepersonellet.

Konsulent på timebasis
Det er ansvarleg for verksemda du jobbar i som har ansvaret for å melde inn alt helsepersonell som jobbar i verksemda, anten du er tilsett eller jobbar på avtalebasis.

Organisasjonar og foreiningar som berre sporadisk sørgjer for helsehjelp med små årsverksdelar
Organisasjonar og foreiningar som berre sporadisk sørgjer for helsehjelp med små årsverksdelar, er ikkje tilskotspliktige. Om helsehjelpa har noko omfang, til dømes i samband med større arrangement og liknande, har ein tilskotsplikt.

Helsehjelp på fritida
Du har ikkje plikt til å melde frå eller betale tilskot for helsehjelp du yter på fritida, utanfor verksemda. Vi vil likevel kunne bli ansvarlege for fritidsskadar sjølv om ein skadevaldar ikkje er tilskotspliktig.

Jobbar berre som fastlege
Jobbar du berre som fastlege, som tilsett i kommunen, eller etter avtale med kommunen, vil du kome inn under definisjonen offentleg helseteneste, og skal ikkje melde inn verksemda di. Slik verksemd vil vere finansiert gjennom felles tilskot frå kommunen. Driv du privat verksemd attåt verksemda som er omfatta av fastlegeavtalen, skal du melde slik verksemd inn til oss.