ADHD - forseinka diagnose vaksen - medhald
Ein mann fekk diagnosen ADHD i førtiåra. Han meinte at diagnosen burde vore stilt då han var i 20-åra. Han beskreiv at han hadde vore impulsiv og hadde dårleg konsentrasjon som barn. Han hadde også slite med psykiske plager og rus i mange år, men behandlinga mot det verka dårleg. Me har vurdert saka og meiner han har rett til erstatning.
Første gong mannen hadde kontakt med psykisk helsevern var han i midten av 20-åra. Han var innlagd ein periode, fordi han hadde ein depresjon. Under innlegginga mistenkte behandlarane at han kunne ha ADHD. Dei tilrådde at han skulle greiast ut poliklinisk ved distriktspsykiatrisk senter (DPS) for dette. Han gjekk til samtalar om depresjon og medisinar i seks år, men det vart ikkje gjort nokon vidare utgreiing av ADHD. I periodar misbrukte mannen rusmiddel, men han hadde også lange rusfrie periodar.
Då mannen var i slutten av 30-åra vart han vist til DPS på nytt, der han vart utgreidd og fekk diagnosen ADHD.
Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i psykiatri har vurdert saka. NPE meiner at utgreiinga mannen fekk ved DPS ikkje var i tråd med god medisinsk praksis.
Han burde vorte greidd ut og fått diagnosen i løpet av det første året han gjekk til DPS. Når ein har rusmisbruk kan ein ikkje greiast ut eller få medisinar for ADHD, men dei første åra etter innlegginga hadde han ikkje rusproblem. Han kunne derfor fått diagnosen og prøvd om han hadde nytte av medisinar for ADHD i den perioden. Her har det oppstått ei forseinking.
Sjølv etter at mannen hadde fått diagnose og medisinar, hadde han framleis symptom på ADHD. Han hadde også andre psykiske plager i tillegg til ADHD. Me meinte derfor at han ville hatt omtrent dei same problema i jobben, sjølv om han hadde fått ADHD-diagnose og medisinar då han burde ha fått det. Han hadde derfor ikkje tapt arbeidsinntekt på grunn av forseinkinga.
Forseinkinga i diagnose var på omtrent 12 år. Me kom til at han i denne perioden kan ha hatt nokre utgifter som han elles ikkje ville ha hatt. Erstatninga vart sett til litt meir enn minimumserstatninga på 10 000 kroner.