Strategiske mål, verdiar og oppgaver

Strategi for verksemda i perioden 2019-2024, verdiar og oppgåver.

Skriv ut English | 7. april 2021

Strategiske mål for 2019-2024

Strategisk hovudmål:

Vi skal redusere saksbehandlingstida ved å forenkle måten vi jobbar på.

Vi brukar tida effektivt

Dette gjer vi gjennom å:

  • prioritere arbeidsoppgåver og utviklingstiltak som gir verdi
  • effektivisere kvart ledd i saksbehandlinga av pasientskadar
  • effektivisere arbeidet i alle einingar
  • gi brukarane ansvar for å bidra meir i søknadsprosessen
  • skape ein open samarbeidskultur

Vi brukar kompetansen vår innovativt og løysingsorientert

Dette gjer vi gjennom å:

  • utvikle kompetansen og dele kunnskap på ein systematisk måte
  • skape ein kultur for å gi og ta imot tilbakemeldingar
  • ta leiarrolla, vere modige i endringsarbeid og leiing
  • aktivt få fram innovative tiltak
  • byggje kompetansen vi treng i framtida

Vi har effektive og målretta avgjerdsprosessar

Dette får vi gjennom å:

  • styrkje avgjerdsevna hos saksbehandlarane
  • delegere oppgåver og avgjerder
  • kommunisere avgjerder klart og tydeleg

Vi brukar gode digitale verktøy

Dette gjer vi gjennom å:

  • forenkle dagens løysingar
  • byggje digital kompetanse
  • ta i bruk nye digitale verktøy

Last ned NPEs strategi for 2019-2024 (pdf)

Visjon og verdiar

Visjonen vår er pasienten i fokus. Vi legg stor vekt på kvalitet og fagleg ekspertise. Vi ynskjer å tydeleggjere at vi i alle ledd av saksbehandlinga set pasienten i fokus.

I arbeidet vårt  legg vi vekt på desse verdiane:

Omtenksam - Vi skal møte erstatningssøkjaren med openheit, forståing og respekt. Kontakten vår skal vere personleg og vi skal gi individuell hjelp og oppfølging. Vi skal vise tiltru til erstatningssøkjaren, slik at han eller ho opplever tryggleik og tillit.

Opplysande - Vi skal drive aktivt opplysingsarbeid om pasientskadeordninga. Verksemda vår skal vere synleg, lett tilgjengeleg og godt kjend. Vi skal ha god og konstruktiv kommunikasjon med erstatningssøkjarar, helsetenesta og andre aktørar.

Kvalitetsmedviten - Alle nivå i organisasjonen skal vere prega av openheit, kompetanse og effektivitet. Dette skal gi erstatningssøkjarane eit rett og raskt resultat.

Oppgåver

NPE har tre forskriftsfesta oppgåver.

Vi skal:

  1. avgjere om erstatningssøkjarar har krav på erstatning og rekne ut storleiken på erstatninga
  2. bidra med statistiske data til kvalitetsforbetring og skadeførebyggjande arbeid i helsetenesta
  3. informere om pasientskadeordninga til pasientar, helsetenesta og publikum