«Riktig vedtak til rett tid»

Helse- og omsorgsdepartementet fekk i dag rapporten «Rett vedtak til rett tid» frå ekspertgruppa.

Skriv ut 22. august 2024

Ei breitt samansett ekspertgruppe har evaluert pasientskadeordninga. Gruppa har vurdert at saksbehandlinga i pasientskadesakene må sjåast i lys av tre sentrale verdiar:

  • saksframdrift (hurtigheit)
  • kvalitet (rett avgjerd)
  • tillit (korleis blir erstatningssøkar varetatt)

Gruppa har vurdert rutinar for saksbehandlinga som påverkar tidsbruk og kvalitet i saksbehandlinga. Målet er å finne tiltak som kan bidra til ein meir smidig saksflyt og å legge til rette for rett prioritering av saker. Gruppa har også sett på tiltak for å sikre klar og føreseieleg kommunikasjon. Dette kan ha noko å seie både for at erstatningssøkar skal kunne vareta interessene sine og for tilliten til systemet.

Norsk pasientskadeerstatning og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta vil gå gjennom rapporten grundig og ser fram til arbeidet med å følge opp oppfordringane.

Les meir om rapporten på regjeringa.no.

Frå pressekonferansen om overlevering av rapporten "Rett vedtak til rett tid".