Vi gjer om koronavaksinesak

På eige initiativ gjer vi om ei koronavaksinesak om hjartemuskelbetennelse (myokarditt) utløyste av vaksine, etter at vi fekk ny medisinsk kunnskap.

Skriv ut Publisert: 27. mai 2025

- Vi har tidlegare sagt at vi vil ta opp igjen koronavaksinesaker dersom det kjem ny forsking. Vi har nå sett på tidlegare avslåtte saker om koronavaksine og myokarditt. På bakgrunn av gjennomgangen har vi valt å gjere om avgjerda på ei sak, seier direktør Kristin Cordt-Hansen.

Erstatningssøkar har krav på erstatning så lenge vaksinen kan vere årsak til skaden, og det ikkje finst ein eller fleire andre meir sannsynlege årsaker. For at skaden kan komme av vaksinen, må han også ha oppstått innanfor eit visst tidsvindauge etter vaksinasjonen. Fram til nå har vi tatt utgangspunkt i at skaden må oppstått innan 3-4 veker etter vaksinasjon, for å kunne sjåast i samanheng med vaksinen.

Utvidar tidsvindauge

Saka vi nå gjer om gjeld ein erstatningssøkar som fekk avslag på erstatningssøknaden for utvikling av hjartemuskelbetennelse («stille» myokarditt) etter Covid-19-vaksine.

Cordt-Hansen forklarar at bakgrunnen for at vi nå gir erstatning er ny forsking om utvikling av myokarditt og Covid-19-vaksine. Forskinga viser at tidsvindauget for utvikling av myokarditt etter vaksine hos nokon kan vere lengre enn det vi tidlegare har lagt til grunn.

Vi endrar derfor tidsvindauget for myokarditt-tilfella frå fire veker til tre månader i enkelte situasjonar. Endringa gjeld der det er dokumentert myokarditt ved MR eller PET, og der det ikkje er funne andre meir sannsynlege årsaker.

Vi fortset å følge den medisinske utviklinga, og vurdere fortløpande om forskinga viser at også andre tidlegare avslåtte erstatningssaker skal gjerast om.