Fødsel - skade på mor - medhald
Ei kvinne søkte erstatning etter at ho fekk ein stor skade på lukkemuskelen til endetarmen (sfinkter) under fødselen av det tredje barnet sitt. Skaden blei ikkje oppdaga før fleire månader etterpå. Ho meinte at ho fekk eit økonomisk tap som følgje av skaden. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Fødsel - skade på mor - avslag
Ei kvinne søkte erstatning for mangelfull fødselshjelp fordi ho ikkje blei klipt opp under fødselen. Det oppstod ei stor rift med skade på lukkemuskelen til endetarmen, som har ført til vedvarande plager og økonomisk tap. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.
Fødsel - skade på barnet - medhald
Eit barn utvikla cerebral parese som følgje av forseinka forløysing. Foreldra søkte om erstatning på vegne av barnet. Vi vurderte saka og barnet fekk medhald.
Fødsel - skade på barnet - avslag
Eit barn fekk påvist ein lett hjerneskade. Foreldra meinte at hjerneskaden kunne vore unngått om mora hadde blitt forløyst tidlegare, og søkte om erstatning. Vi vurderte saka og barnet fekk ikkje medhald.
Gynekologi – tarmskade - medhald
Ei kvinne måtte få operert bort ein polypp i livmora. Under inngrepet fekk ho hol i tarmen, og måtte opererast for det. Ho fekk eit langt sjukehusopphald som ho søkte erstatning for. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Kikholsundersøking - bløding - avslag
Ei kvinne måtte opererast med open kirurgi på grunn av komplikasjonar under ei kikholsundersøking. Ho søkte om erstatning for at ho måtte opererast med open kirurgi, ny operasjon, smerter og ubehag. Vi vuderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.