Brokkoperasjon – medhald
Ei kvinne søkte erstatning for at ho fekk ein skade i tarmen under ein operasjon for brokk. Skaden førte til alvorleg blodforgifting. Ho meinte at ho fekk dårlegare helsetilstand og nedsett livskvalitet på grunn av skaden, og at skaden kom av feil ved behandlinga. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.
Brokkoperasjon – avslag
Ein mann blei operert for brokk i lysken. Etter operasjonen fekk han bløding og smerter i lysken. Han meinte dette kom av at operasjonen ikkje var gjort på rett måte, og søkte om erstatning. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.
Galleblæreoperasjon – medhald
Ei kvinne søkte om erstatning for skade på hovudgallegangen i samband med ein kikholsoperasjon for å fjerne galleblæra. Dette førte til nye operasjonar, ei lengre sjukelege og samanveksingar i magen. Kvinna meinte at inngrepet var feil utført. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.
Galleblæreoperasjon – avslag
Ein mann søkte erstatning etter ein operasjon for galleblærebetennelse. Ved ein feil blei gallegangen kutta. Sjølv om skaden blei oppdaga og reparert med ein gong, meinte mannen at skaden kunne føre til at gallegangen blir for trong og at han dermed må gjennomgå nye inngrep. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.
Fedmeoperasjon - gastric bypass – medhald
Ein mann gjennomgjekk ein fedmeoperasjon. Inngrepet var ikkje vellukka og han måtte opererast ein gong til der heile magesekken blei fjerna. Han søkte om erstatning for varige plager, då han meinte at operasjonane blei feil utført. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.
Fedmeoperasjon - gastric bypass – avslag
Ein mann gjennomgjekk ein fedmeoperasjon. Det blei lekkasje i tarmskøyten og mannen måtte opererast på nytt. Mannen meinte at det var gjort ein feil under operasjonen og søkte om erstatning for plagene han fekk. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.
Tarmundersøking - avslag
Ein mann var på sjukehuset for å få undersøkt tarmen med koloskopi. Uheldige hendingar under og etter undersøkinga gjorde at han søkte om erstatning. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.