Tarmundersøking - avslag

Ein mann var på sjukehuset for å få undersøkt tarmen med koloskopi. Uheldige hendingar under og etter undersøkinga gjorde at han søkte om erstatning. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 19. oktober 2018

Mannen blei regelmessig undersøkt hos fastlegen. Han fann ein polypp i tjukktarmen, og mannen blei vist til sjukehus for å få gjort fleire undersøkingar.

Etter eit halvt år kom han inn til undersøking, og det blei gjennomført koloskopi av tarmen. Legane fann to polyppar som blei undersøkte for kreft, slik rutinen var. Det var grunnlag for å fjerne dei. Undersøkinga blei då teknisk vanskelegare enn først venta.

To dagar seinare fekk mannen magesmerter, og kom tilbake til sjukehuset. Fordi legane mistenkte at det kunne ha oppstått skadar på tarmen under inngrepet, blei mannen operert dagen etter. Dei fann at koloskopien hadde ført til eit hol i blindtarmen. Holet blei sydd, men etter nokre dagar oppstod det ein infeksjon i ei blodopphoping. Ho blei tappa ut ei veke seinare.

Mannen blei send heim, men to dagar etter rivna operasjonssåret under eit hosteanfall. Han måtte opererast på nytt. Nokre dagar seinare blei han utskriven etter gradvis betring.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk (mage/tarm) kirurgi vurderte saka.

Vi konkluderte med at det var nødvendig både å undersøke tarmen med koloskop og fjerne polyppane, og at det var samanheng mellom undersøkinga og skaden på blindtarmen. Skaden førte til infeksjonar og behov for nye operasjonar. Dette er likevel ein kjend komplikasjon ved koloskopi. At ein fann grunnlag for å fjerne polyppane, gjorde undersøkinga meir teknisk vanskeleg og risikoen for skade på tarmen større. Holet i tarmen og komplikasjonane etterpå oppstod sjølv om koloskopien blei utført etter god medisinsk praksis.

Alle former for kirurgiske inngrep inneber ein risiko, og av og til går det gale. Sjølv om det ikkje er svikt i behandlinga, kan ein i nokre tilfelle få erstatning dersom skaden er stor eller uventa. Vi fann ikkje at det var tilfellet i denne saka.

Mannen har ikkje rett til erstatning.