Lågt stoffskifte - diagnose - medhald
Ei kvinne søkte erstatning som følgje av manglande diagnose av lågt stoffskifte (hypotyreose) over fleire år. Ho meinte at ho har fått varige mein, med mellom anna utvikling av depressiv liding og personlegdomsforstyrring med angst. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Lågt stoffskifte – diagnose – avslag
Ein mann søkte erstatning då han meinte at han fekk varige plager med vedvarande symptom på for lågt stoffskifte (hypotyreose), sjølv etter at han starta behandling. Han meinte dette skuldast for sein diagnose. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.
Diabetes – nyresvikt – medhald
Ein mann søkte erstatning for at han utvikla kronisk nyresvikt på grunn av manglande oppfølging av diabetes og nyrefunksjon. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.
Diabetes – nevropati - avslag
Ei kvinne søkte erstatning på grunn av mangelfull oppfølging av diabetes hos fastlegen. Ho meinte at diabetesen hennar i ein lengre periode var dårleg regulert på grunn av dette, og at ho fekk nevropati, med smerter og nedsett funksjon i beina. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.