Diabetes – nevropati - avslag

Ei kvinne søkte erstatning på grunn av mangelfull oppfølging av diabetes hos fastlegen. Ho meinte at diabetesen hennar i ein lengre periode var dårleg regulert på grunn av dette, og at ho fekk nevropati, med smerter og nedsett funksjon i beina. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 27. september 2018

Kvinna var monaleg overvektig då ho fekk stilt diagnosen diabetes type 2. Ho hadde høge blodsukkerverdiar, og fekk medisinar for dette og kosthaldsråd, med føremål om å redusere vekta. Den følgjande femårs perioden var kvinna til regelmessig kontroll av urin, langtidsblodsukker, nyreverdiar og blodtrykk.

Blodsukkeret var godt regulert over lang tid, men etter kvart viste målingar at verdiane steig att. Samtidig mista kvinna kontakten med fastlegen i fleire år. I denne perioden var diabetesen hennar dårleg regulert. På grunn av dette fekk ho nedsett sirkulasjon, nevropati og sårdanningar i føtene, og brot i fleire tær.

Gjennom omlegging av kosthaldet klarte kvinna etter kvart å gå ned i vekt. Ho fekk òg etablert ny kontakt med fastlegen og diabetesen hennar  blei halden under kontroll.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i endokrinologi vurderte saka.

Vi vurderte at kvinna ikkje fekk behandling i tråd med god medisinsk praksis då ho gjennom to - tre år ikkje blei regelmessig følgd opp hos fastlegen. Vanlege retningslinjer er at pasientar med diabetes bør kallast inn til kontrollar ein til to gonger i året. Sjølv om den enkelte har ansvar for eiga helse, fritek ikkje det fastlegen for å prøve å motivere pasientane til å kome til kontroll.

Vi meinte likevel at den mangelfulle oppfølginga i desse åra mest sannsynleg ikkje hadde noko avgjerande å seie for den negative utviklinga av kvinna si helse. Hennar diabetes var tidvis dårleg regulert over ein tiårs periode. Vanlege komplikasjonar til diabetes i seg sjølv er nevropati, fotsår med infeksjonar og auka risiko for beinbrot.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.