Operasjon i feil virvel i ryggen - medhald
Ei kvinne søkte erstatning etter at ho blei operert for trong ryggmargskanal (spinal stenose) i feil virvel. Ho hadde framleis smerter og måtte opererast på nytt meir enn tre år seinare. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Kvinna hadde ei tid hatt invalidiserande ryggsmerter med nedsett kjensle nedover i båe beina. Ho blei operert for spinal stenose, då ein etter utgreiing med MR fann innsnevring i ryggmargskanalen i nivået mellom lendevirvlane 4 og 5 (L4/5). Ho blei operert med fjerning av ryggtaggar i det operatøren trudde var virvel L4.
Etter operasjonen hadde kvinna framleis smerter. Ho blei difor send til opptrening ved eit rehabiliteringssenter. Tida gjekk og ho hadde framleis nesten dei same utstrålande smertene. Ved konsultasjon på sjukehuset rundt tre og eit halvt år etter operasjonen, blei det gjort ei ny MR undersøking. Denne viste at ho hadde blitt operert i eit nivå for langt oppe, i virvel L5. Ho måtte difor opererast på nytt. Etter dette inngrepet blei ho smertefri.
Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.
Ettersom kvinna ved ei feilvurdering blei operert i feil virvel, blei ho påført ein pasientskade som skuldast svikt i behandlinga. Svikten førte til at kvinna måtte gå med smerter i meir enn tre år før feilen blei oppdaga og retta opp ved ein ny operasjon i rett virvel. Vi meinte likevel at den forseinka behandlinga ikkje hadde noko å seie for det endelege sluttresultatet. Ho var difor ikkje påført ein varig skade.
Kvinna har rett til erstatning.