Skeiv stortå (hallux valgus) – operasjon - avslag

Ei kvinne blei operert for skeiv stortå. Ho søkte om erstatning då ho hadde fått ein vedvarande smertetilstand og slitasjeutvikling i stortåleddet etter operasjonen. Stortåa måtte seinare stivast av. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut 14. desember 2018

Ei kvinne var plaga med smerter i grunnleddet i stortåa. Tåa hadde fått ei lita skeivstilling, slik at ho peikte utover. Kvinna var tidlegare operert på den andre foten, med godt resultat. På bakgrunn av det, fann spesialisten at det var medisinsk grunnlag for å gjere ein tilsvarande operasjon.

Kirurgen valde Chevronmetoden, som er ein av dei mest vanlege metodane (sjå faktaboksen).

Etter operasjonen blei stortåa stiv og smertefull. Det utvikla seg òg slitasje i leddet (artrose). Kvinna meinte at dette hadde samanheng med operasjonen.

I skademeldinga opplyste kvinna at ho ikkje hadde hatt ein smertefri dag sidan operasjonen, og at dette gjekk ut over evna hennar til å vere i jobb. For å bli kvitt smertene, måtte ho seinare gjennomgå ein ny operasjon, der leddet blei stiva av.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

I utgangspunktet meinte vi at det ikke var samanheng mellom operasjonen og plagene kvinna fekk. Det var likevel mogleg at slitasjeendringane i leddet kom tidlegare med operasjon enn dei  ville gjort elles. Vi meinte likevel at plagene ikkje skuldast ein svikt ved behandlinga.

Det var grunnlag for å gjere inngrepet, sjølv om skeivstillinga og smertene var moderate. Kvinna ynskte operasjonen fordi ho var plaga, og fordi operasjonen på den andre stortåa var vellukka. Inngrepet blei gjort etter god medisinsk praksis, med ein vanleg metode. Det er vanleg å få komplikasjonar som smerter og slitasje i leddet etter slik behandling.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.