Augelokkplastikk – medhald
Ei kvinne fekk gjort augelokkplastikk på grunn av tunge augelokk. Ho søkte om erstatning på grunn av stygge arr på båe sider og ho meinte at det eine auget var blitt mindre. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Augelokkplastikk – avslag
Ei kvinne fekk gjort øvre og nedre augelokkplastikk. Ho søkte om erstatning då ho ikkje var nøgd med resultatet. Augo hadde fått ulik fasong og ho hadde framleis posar under augo. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.
Mageplastikk – medhald
Ei kvinne søkte erstatning for nedsett livskvalitet og smerteplager etter mageplastikk med feittsuging, då det oppstod vevsdaude i såret. Ho meinte at ho hadde fått ein nerveskade under inngrepet. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Mageplastikk – avslag
Ei kvinne søkte erstatning etter operasjon med fjerning av overflødig hud og magefeitt. Ho fekk kaldbrann i såra på magen, og ho måtte opererast på nytt. Resultatet blei skjemmande arr på magen. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.
Brystimplantat – medhald
Ei kvinne fekk sett inn silikonimplantat i brysta ved ein privat klinikk. Ho søkte om erstatning då resultatet ikjke var slik ho forventa og hadde blitt førespegla. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.
Brystimplantat – avslag
Ei kvinne ynskte å forstørre brysta, og fekk lagt inn silikonprotesar på båe sider. Ho søkte om erstatning då ho ikkje var nøgd med resultatet. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.