Augelokkplastikk – avslag

Ei kvinne fekk gjort øvre og nedre augelokkplastikk. Ho søkte om erstatning då ho ikkje var nøgd med resultatet. Augo hadde fått ulik fasong og ho hadde framleis posar under augo. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. januar 2018

Ei kvinne tok kontakt med ein plastikkirurg for å få vurdert augelokkplastikk. Ho hadde hengjande augelokk og posar under augo. Ho blei grundig informert om metode og om kva komplikasjonar som kunne oppstå. Legen rådde til å operere øvre og nedre augelokk i to seansar, då det ville gi best resultat. Pasienten ynskte likevel å få gjort alt på ein gong.

Etter operasjonen var det framleis litt overflødig hud ved det eine auga, og feittposar under augo. Det ble gjort korrigerande inngrep som retta opp noko av dette, men resultatet blei likevel ikkje heilt slik som kvinna venta seg. Ho meinte òg det var gitt for dårleg informasjon på førehand.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i plastikkirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var gitt god informasjon om komplikasjonsrisikoen og venta resultat på førehand. Kvinna hadde underteikna på at ho hadde fått informasjon, og det gjekk fram av journalen at slik informasjon var gitt. Vidare meinte vi at inngrepa blei utførte etter god medisinsk praksis. Resultatet kvinna fekk etter behandlinga var innanfor det ho kunne vente seg.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.