Trykkskade under operasjon – medhald
Ein mann søkte erstatning for ein nerveskade han fekk i den eine olbogen under operasjon for kreft. Han meinte at han fekk trykkskaden på nerven fordi armen ikkje var godt nok polstra på operasjonsbordet. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.
Trykkskade under operasjon – avslag
Ein mann fekk muskel- og nerveskade i leggen etter ein ryggoperasjon. Han meinte måten han låg på operasjonsbordet og tida operasjonen tok, var årsaka til skaden. Han meinte at leie på olbogane og knea var feil. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.