Lang saksbehandlingstid
Du må diverre rekne med lang ventetid før vi byrjar å behandle søknaden din.
Vi opplever stor pågang av søknader om erstatning for tida. Det vil seie at du som erstatningssøkjar må rekne med lang ventetid før vi startar med å behandle saka di.
Vanlegvis får vi starta behandlinga av saka di innan fem månader, men nokre gonger kan det òg gå lenger tid enn det.
Vi tek kontakt med deg
Stadig fleire får svar på søknaden sin om erstatning kvart år. Samtidig blir det òg fleire som søkjer erstatning. Difor veks diverre køen av saker hjå oss. Når vi byrjar å behandle saka di, tek vi kontakt med deg.
Korleis saksbehandlinga skjer
Om du lurer på korleis saksgangen er hjå oss eller vil lese om ventetid, finn du detaljert informasjon om dette her.