Melde til NPE eller statsforvaltaren?
Statsforvaltaren vurderer om helsepersonell og verksemder har brote pliktene sine. Den styresmakta har ikkje NPE. Me behandlar erstatningssøknader og utbetaler erstatning til dei som har krav på det.
Aktuelle lenkjer
Me opplever at mange erstatningssøkjarar gir uttrykk for at dei ikkje ønskjer at andre skal oppleva det som dei sjølv har vore gjennom, og at NPE bør sjå til at legen eller andre ansvarlege får ein reaksjon.
Det er statsforvaltaren som vurderer om det har skjedd ein feil. Viss statsforvaltaren meiner at det som har skjedd er alvorleg nok, sender dei saka vidare til Statens helsetilsyn. Det er dei som har ansvar for vidare oppfølging.
Viss statsforvaltaren eller Statens helsetilsyn reagerer overfor helsepersonell eller verksemder, gir det deg ikkje automatisk rett til erstatning frå NPE. Dette er fordi du må ha fått ein behandlingsskade som gir deg eit økonomisk tap eller varig mein, for å ha rett til erstatning. Sakene blir også vurderte etter ulikt regelverk hos statsforvaltaren og NPE.
Erstatning for pasientskade
Me behandlar erstatningssøknader frå pasientar som har fått ein skade etter å ha vorte behandla i helsetenesta. Målet med pasientskadeordninga er at pasientar som opplever feilbehandling, ikkje skal lida noko økonomisk tap som følgje av dette.
Når me greier ut saka, ser saksbehandlaren vår på om det har skjedd ein svikt i behandlinga, og om dette har ført til eit økonomisk tap for erstatningssøkjar.
Lære av feil
Me sender alltid kopi av avgjerda vår til behandlingsstaden, mellom anna som eit innspel til det arbeidet behandlingsstaden driv for å betra kvaliteten. Me ønskjer å bidra til at helsetenesta skal læra av dei feila som skjer, men me har ikkje sanksjonsstyresmakt overfor helsepersonell som er involvert i pasientskadar.
Reaksjonar mot helsepersonell og verksemder
Viss du ikkje skal søkja erstatning, men vil at nokon skal vurdera om det er grunn til å kritisera helsepersonell eller verksemder som har behandla deg, må du kontakta statsforvaltaren. Dei gir deg meir informasjon om kva du må gjera.