Kven gjer kva i koronapandemien?
Det kan vere vanskeleg å orientere seg i helse-Noreg, og skjøne kven som eigentleg gjer kva. Her gir vi ei kort oversikt over nokre etatar som kan vere aktuelle for deg i samband med koronapandemien.
Vi samarbeider med andre etatar og fagmiljø for å sikre at vi til kvar tid har oppdatert kunnskap om koronasituasjonen. Nedanfor er nokre av dei mest aktuelle, som òg har oppgåver retta mot publikum.
- Norsk pasientskadeerstatning (NPE) behandlar søknader og utbetalar erstatning etter koronasmitte og koronavaksine. Her kan du sende inn søknad om erstatning.
- Folkehelseinstituttet (FHI) har nasjonale oppgåver innan mellom anna smittevern og omfang av sjukdomar i folkesetnaden. Her finn du oppdatert informasjon om koronasmitte og koronavaksine.
- Legemiddelverket godkjenner vaksinar og andre legemiddel mot koronaviruset og registrerer biverknader av desse. Her kan du melde inn eventuelle biverknader av vaksinen.
- Helsenorge.no er etablert av helsemynda for å levere tenester og informasjon om helse og rettar til innbyggjarar i Noreg. Her kan du bestille time for koronatest og sjekke svaret.