Mandat: Pfizer- og Moderna-vaksinen

Koronavaksinane frå Pfizer og Moderna er anbefalte vaksinar etter smittevernlova.

Skriv ut 16. august 2024

Erstatningssøknaden skal vurderast etter eigne og lågare beviskrav i pasientskadelova og det er ikkje eit krav om sannsynsovervekt. Det er tilstrekkeleg at det kan vere ein årsakssamanheng mellom vaksinen og skaden det søkast erstatning for. Det må likevel vere ein samanheng som er praktisk mogleg, og som kan forklarast med eigenskapar ved vaksinen og medisinsk kunnskap. Ei teoretisk moglegheit for årsakssamanheng er ikkje nok, men det er ikkje eit krav om «allment akseptert medisinsk kunnskap» for å kunne godta ein årsakssamanheng.

Erstatningssøkar har krav på erstatning så lenge vaksinen kan vere årsak til skaden, og det ikkje finst éin eller fleire andre meir sannsynlege årsaker. Det er ikkje eit vilkår at vaksinen aleine er årsak til skaden. Vaksinar kan vere ei sjølvstendig årsak til biverknadsskadar eller verke saman med andre årsaker. Den kan utløyse, framskunde eller forverre ein allereie eksisterande sjukdom/skade. Av og til har likevel vaksinen ikkje hatt noka betydning, slik at forløpet ville vore det same dersom pasienten ikkje hadde vaksinert seg.

Spørsmåla i mandatet er tilpassa desse beviskrava.

Generelt om koronavaksinane frå Pfizer og Moderna

Koronavaksinen frå Pfizer og Moderna er ein genetisk vaksine (mRNAvaksine) som førebygger alvorleg sjukdom og død ved koronainfeksjon. Vaksinen er ikkje bygd på levande virus og kan ikkje gi koronainfeksjon.

Kroppen kjenner igjen vaksinen som noko framandt, og vil derfor sette i gang immunresponsar for å verne oss mot ein mogleg trussel. Det er dette vi kjenner som milde biverknader etter vaksinasjon, med for eksempel varme, hevelse og raudheit på stikkstaden.

Av og til kan den lokale reaksjonen utvikle seg til ein generell reaksjon (systemisk respons) i heile kroppen. Dette vil for eksempel kunne gi influensaliknande symptom som hovudverk og feber. Dei er stort sett milde og går over etter nokre dagar. For nokon kan symptoma vere kraftigare.

For at ein skade skal kunne komme av vaksinen, må han ha oppstått innanfor ein viss tidsperiode/tidsvindauge etter vaksinasjonen. Symptom vil normalt oppstå innan 6-8 veker etter vaksinasjon.

For at ein betennelsestilstand i hjartet skal kunne komme av vaksinen må han ha oppstått innanfor ein viss tidsperiode/tidsvindauge etter vaksinasjonen. NPE tar utgangpunkt i at slike tilstandar bør ha oppstått innan 3-4 veker etter vaksinasjon for å kunne settast i samanheng med vaksinen. Dette er i tråd med opplysningar gitt av Folkehelseinstituttet (FHI).

FHI har gjennom befolkningsundersøkingar sett at det er rapportert overhyppigheit av menstruasjonsforstyrringar etter Pfizer og Moderna vaksinen. NPE tar utgangpunkt i at slike tilstandar bør ha oppstått tidsnært etter vaksinasjon for å kunne settast i samanheng med vaksinen.

Sjå generell erklæring om koronavaksinar frå professor i immunologi og vaksineforskar Gunnveig Grødeland, Universitetet i Oslo. Erklæringa ligg på npe.no.

Mandatet

Spørsmål til saka:

  1. Er kriteria for diagnosen xx oppfylt?

  2. Når oppstod dei første symptoma på xx?

  3. Kva er vanlegvis (utløysande) årsak til xx og kor hyppig førekjem xx i befolkninga?

  4. Er det registrert ein auka førekomst av xx blant koronavaksinerte (grunngi)?

  5. Har vaksinen eigenskapar som er kjente for å kunne utløyse eller forverre xx (det er ønskeleg med tilvising til forsking, epidemiologiske undersøkingar og ein eventuell medisinsk forklaringsmodell om skadeevna av vaksinen)?

  6. Kan vaksinasjonen han xx ha forårsaka, forverra eller framskunda plagene til pasienten i form av xx? Ville forløpet eventuelt ha vore det same dersom pasienten ikkje hadde vaksinert seg?

  7. Er det andre årsaker til xx som står fram som meir sannsynlege (meir enn 50 prosent)? I så fall ber vi deg gjere greie for dette.

Dersom du kjem fram til at plagene til pasienten kan vere forårsaka av vaksinasjonen og det ikkje ligg føre andre og meir sannsynlege årsaker, ber vi om svar på følgande spørsmål:

  1. Gi ei beskriving av behandlingsskaden og kva funksjonsendringar denne eventuelt har medført.

  2. Er skaden forbigåande eller vil den mest sannsynleg bli varig? Viss han er forbigåande ønsker vi at du tidfestar perioden.

  3. Gi ei vurdering av den varige medisinske invaliditeten pasienten har fått som følge av behandlingsskaden. Er det for tidleg å vurdere dette nå, ber vi likevel om ei opplysning av kva den lågaste og den høgaste invaliditetsgrada vil bli.

    Har behandlinga ført til fleire skadar, ber vi om at skadane blir vurderte kvar for seg med bakgrunn i invaliditetstabellen.

    Har pasienten ein varig inngangsinvaliditet som følge av grunnlidinga/-skaden, ber vi om ei vurdering av denne.

    Vurderingane skal gjerast etter invaliditetstabellen i Forskrift om meinerstatning ved yrkesskade av 21. april 1997 og Intern invaliditetstabell. Forskrift om meinerstatning ved pasientskadar av 1. mars 2021(ny forskrift gjeld for saker meld etter 15.03.2021).

  4. Vidare ber vi deg vurdere om pasienten fekk ei oppfølging og behandling av plagene etter vaksinasjonen i tråd med god medisinsk praksis.