Arbeid som sakkunnig

Ynskjer du utfordrande spesialistoppgåver som sakkunnig?

Skriv ut English | 6. januar 2021

Til sakkunnig utgreiing av sakene nyttar NPE uavhengige spesialistar som har relevant erfaring og kompetanse på spesialistnivå. Årleg blir det utført ca. 8000 sakkunnigoppdrag.

I dei aller fleste sakene er det behov for legar i ulike spesialitetar, men vi nyttar òg andre kategoriar av helsepersonell når det er relevant, til dømes tannlegar, sjukepleiarar, fysioterapeutar og optikarar.

Arbeidet som sakkunnig er spennande, utfordrande og lærerikt 

Det inneber å vurdere faglege spørsmål i enkeltsaker der pasientar krev erstatning for behandlingsskade. Målet er å kome fram til om det har vore svikt i diagnostikk og/eller behandling eller om behandlinga ligg innanfor god fagleg praksis. 

Vurderinga til den sakkunnige er ein viktig del av grunnlaget for vedtaket til NPE om rett til erstatning. Det er ikkje ein del av oppdraget å fordele skuld ved eventuell svikt, eller å ta stilling til om erstatning bør utbetalast.

Saksbehandlinga i NPE er elektronisk og papirlaus. Dette gjeld òg for dei sakkunnige spesialistane våre.

Spesialistar med rammeavtale

Seksjonen for sakkunnig utgreiing i NPE har ca. 90 sakkunnige spesialistar, som representerer meir enn 30 spesialitetar. Dei aller fleste sakkunnige er tilknytte gjennom rammeavtalar om levering av spesialisttenester i ulike volum på månadsbasis.

Tenestene blir fakturerte etter avtalt timepris. Sidan NPE er ein storaktør når det gjeld kjøp av spesialisttenester, er vi som statleg etat pliktige til å følgje reglane staten har for kjøp av varer og tenester. Difor blir rammeavtalane våre om spesialisttenester lagde ut på anbod.

Spesialistar med rammeavtale arbeider som hovudregel frå heimekontor, og samarbeider med saksbehandlarane i NPE digitalt og med nokon fysiske møter for utgreiing av erstatningssakene. I tillegg til utgreiing av enkeltsaker, kan arbeidet òg innebere fagleg rådgiving og undervisning innanfor eige spesialistområde.

Vi kunngjer vanlegvis anbodskonkurransar om rammeavtalar årleg, avhengig av saksmengde og behov. Kunngjering skjer her på våre nettsider, i relevante fagtidsskrift og på Database for offentlege innkjøp, Doffin.

Spesialistar som tek enkeltoppdrag

Til enkeltoppdrag har NPE òg tilgang til ca. 600 eksterne sakkunnige spesialistar. Desse representerer til saman nærare 50 kliniske spesialitetar (legar, tannlegar og andre kategoriar helsepersonell). Dette er spesialistar som blir spurt i kvar enkelt sak før vi tildeler sakkunnigoppdrag. På denne måten regulerer spesialisten sjølv arbeidsmengda si.

Oppdrag blir honorerte på timebasis etter gjeldande satsar for sakkunnige for domstolane («salærsatsen»).

NPE arrangerer kurs for sakkunnige spesialistar. Kursa blir fortløpande kunngjorde på  nettsidene våre og i kurskatalogen til Legeforeningen. Spesialistar som er registrerte som eksterne sakkunnige hjå oss får tilsendt informasjon om kursa via e-post. Kurset blir søkt godkjent av Legeforeningen for etterutdanninga til spesialistar i alle spesialitetar.

Vi har behov for fleire sakkunnige i ei rekkje spesialitetar.

Kontakt

Dersom du har spørsmål om sakkunnigarbeid for NPE, kan du sende oss epost på: ssu@npe.no