Bruk av sakkunnige

Vi er avhengige av gode og relevante sakkunnige vurderingar for å fatte rette vedtak i sakene våre. Korleis blir sakkunnige valde, kva er ei god sakkunnig vurdering, og når kan det vere aktuelt å bruke utanlandske sakkunnige?

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

Korleis vel vi medisinsk sakkunnige?

Den sakkunnige må vere spesialist på det aktuelle fagområdet. Vi har rammeavtalar med nærare hundre sakkunnige, som på fast basis vurderer saker for oss. Desse rammeavtalane gjer at vi har god kapasitet på sakkunnige. Ein god og føreseieleg tilgang til sakkunne er heilt avgjerande for å få så kort saksbehandlingstid som mogleg. Det er òg viktig for å få korrekte avgjerder i sakene. Enkelte saker blir vurderte av fleire sakkunnige med ulik fagleg bakgrunn.

I tillegg til sakkunnige som har rammeavtale med NPE, nyttar vi ei rekkje sakkunnige som tek enkeltoppdrag for oss.

Kva er ei god sakkunnig vurdering?

Den sakkunnige skal ut frå den faglege bakgrunnen sin som spesialist, gi ei vurdering av den behandlinga og oppfølginga pasienten har fått. Ei god sakkunnig vurdering svarar på alle spørsmåla vi treng for å fatte eit vedtak, og har grunngjevne vurderingar. Vi ber alltid den sakkunnige om å skrive eit forståeleg og klart språk, og å unngå unødvendige og kompliserte faguttrykk.

NPE betalar dei sakkunnige for vurderinga

Erstatningssøkjaren får ei gratis vurdering av erstatningskravet sitt. Det er difor vi som betalar for den jobben dei sakkunnige gjer med å vurdere den behandlinga pasienten har fått.

NPE påverkar ikkje resultatet av den sakkunnige vurderinga

Vi legg ingen føringar på kva dei sakkunnige skal meine om behandlinga pasienten har fått. Dei sakkunnige skal gi dei faglege vurderingane sine av kva som har skjedd i behandlingsløpet. Desse vurderingane brukar vi i den totale vurderinga av om ein erstatningssøkjar har rett til erstatning eller ikkje etter pasientskadelova.

Dei sakkunnige må vere habile

Det er viktig at den sakkunnige ikkje har uheldige bindingar til behandlaren dei vurderer, slik at ein kan ha tillit til vurderinga. Til dømes unngår vi å gi eit oppdrag til ein sakkunnig som nyleg har arbeidd der behandlinga som skal vurderast skjedde.

Erfaringa vår er at dei sakkunnige tek oppgåva på alvor og at dei er opptekne av å gjere gode faglege vurderingar, uavhengig av om det har skjedd ein feil eller ikkje.

Kva med utanlandske sakkunnige?

Vi brukar hovudsakleg sakkunnige som arbeider i Noreg. Grunnen til dette er at den sakkunnige skal vurdere behandling i norsk helseteneste. Retningslinjer og behandlingsmetodar kan variere frå land til land. Praktiske tilhøve som tilgjengeleg teknisk utstyr og andre ressursspørsmål varierer òg. Difor er det viktig at behandlinga blir vurdert ut frå kjennskap til norske tilhøve.

I særskilde tilfelle der saka dreier seg om heilt spesielle tilhøve, og der til dømes fagmiljøet i Noreg er lite, kan det vere aktuelt å bruke ein utanlandsk sakkunnig. Vi vender oss såleis frå tid til anna til sakkunnige miljø i Sverige og Danmark.