Den unike norske pasientskadeordninga fyller 35 år

Pasientskadeordninga i Noreg vekkjer internasjonal merksemd, fordi staten utbetalar erstatning til pasientar som blir skadde etter svikt i helsetenesta, uavhengig av om nokon kan lastast. I år er det 35 år sidan pasientskadeordninga blei innført.

Skriv ut Bokmål | English | 30. januar 2023

Pasientar som har blitt påførte ein skade etter behandling i den norske helsetenesta, fekk i fjor totalt over 1,1 milliard kroner i erstatning. Erstatningssummane varierer stort. Mange utbetalingar er på nokre få titusen kroner, medan andre tek imot fleire millionar. I fjor sende pasientar inn 7079 søknader om erstatning.

Uavhengig av aktsemd

Føremålet til pasientskadeordninga er: Dersom ein pasient som blir behandla i helsetenesta får ein skade som følgje av ein svikt eller feil som skjer i helsetenesta, og at pasienten i tillegg lir eit økonomisk tap, så vil han eller ho kunne få erstatning frå staten uavhengig av om nokon har opptredd aktlaust eller ikkje.

  • Har det skjedd ei feilbehandling, og du som pasient har fått ein skade nettopp på grunn av denne feilbehandlinga, og du samtidig har fått eit økonomisk tap eller ein varig skade, så har du krav på erstatning. Denne ordninga er unik for Noreg og Norden, seier konstituert direktør Anne-Mette Gulaker i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

NPE har ansvaret for å saksbehandle alle erstatningskrava frå pasientane, eit ansvar dei utfører på vegner av Helse- og omsorgsdepartementet.

Gratis å søkje

Pasientane kan utan kostnader søkje om erstatning til NPE, som vil saksbehandle søknaden etter pasientskadelova. NPE kjem fram til eit vedtak på søknaden: anten medhald eller avslag. Om pasienten er ueinig i vedtaket frå NPE, kan hen klage på vedtaket til Pasientskadenemnda. I Pasientskadenemnda vurderer dei saka på nytt. Om pasienten òg er ueinig i vedtaket i Pasientskadenemnda, kan pasienten melde saka til domstolane og få saka prøvd der. I domstolane risikerer pasienten å måtte dekkje kostnadene sjølv. 

Historisk bakgrunn: Ynskte betre vern for pasientane

Politikarane på Stortinget vedtok pasientskadeordninga fyrst som ei prøveordning i 1988. Føremålet var i fyrste omgang å gje pasientar som var blitt skada på offentlege sjukehus betre vern og raskare oppgjer.

Utdrag av eit notat frå sosialministeren Tove Strand i 1987:

Når en skade oppstår under behandling vil det være svært vanskelig for pasienten å bevise at skaden skyldes uaktsomhet fra helsetjenestens side. Mange unnlater derfor å fremme erstatningskrav. Av hensyn til senere behandling er det også en del som ikke ønsker den belastning det er i forhold til legen å påstå at vedkommende har opptrådt uaktsomt. Det er derfor mange som i dag ikke får en rettmessig økonomisk kompensasjon for den skade de påføres under behandling.

Før 1988 måtte pasientar som ynskte å fremje eit erstatningskrav prove aktløyse, og kravet måtte fremjast overfor sjukehuseigaren.

Fleire fekk erstatning

Mange legar og anna helsepersonell uttrykte skepsis rundt innføringa av pasientskadeordninga. Dei kunne spørje: «Kor fornuftig er det eigentleg å innføre ei ordning som ikkje set søkjelys på aktløyse, men tvert om legg lista lågare for å kunne tilkjenne pasientane erstatning?» 

  • Mange legar og anna helsepersonell var engstelege for det dei kalla amerikanske tilstandar: Dei frykta at det ville bli altfor stor merksemd på feil og manglar, og ei jakt etter syndebukkar. Denne frykta har endra seg. Vi opplever i dag at helsetenesta er positive til pasientskadeordninga, fordi ho tek vare på behovet pasientane har, samtidig som helsetenesta unngår å bruke store ressursar på omfattande prosessar rundt ofte vanskelege og kompliserte erstatningsspørsmål¸ seier konstituert direktør Anne-Mette Gulaker i NPE.

Ho har jobba i NPE sidan byrjinga i 1988, og kjenner historia.

Sjølv om det var noko skepsis mot pasientskadeordninga i byrjinga, viste det seg raskt at ho fungerte etter føremålet:

  • Innføringa av den nye pasientskadeordninga førte med seg ein kraftig auke i talet personar som fekk erstatning. Dette var heilt i tråd med intensjonen med ordninga, som nettopp var å hjelpe pasientar som opplever svikt i helsestellet. Pasientar fekk frå no betre erstatningsvern og raskare utbetaling av pengar, seier Gulaker.

Innføringa av pasientskadeordninga hadde òg andre viktige effektar:

  • Helsetenesta blei meir open om feil og skadar
  • Det blei etablert ein database med samla oversikt over pasientskadar
  • Det blei meir merksemd på pasienttryggleik
  • Meir fokus på likebehandling for pasientane
  • Auka rettstryggleik for pasientane

Solid støtte på Stortinget

Pasientskadeordninga står sterkt, fordi politikarane på Stortinget alltid har gitt støtte til pasientskadelova:

  • Sett i ettertid var det både eit modig og klokt politisk handverk som låg bak innføringa av pasientskadelova. Ynsket om å styrkje den erstatningsrettslege posisjonen til pasientane og senke konfliktnivået knytt til erstatningskrav var vellukka. Langt fleire pasientar som har blitt påførte pasientskade har fått erstatning, samtidig som openheita rundt feil har auka, noko som gagnar både pasientar og helsetenesta. Heile Stortinget har stått bak pasientskadeordninga, og det er ingen som ynskjer ho fjerna. Innføringa av pasientskadelova styrkte i stor grad rettane til pasienten og gav helsetenesta ei ordning utan sterkt personfokus på deira arbeid. Dette svarar ut forventingane som var til å innføre ordninga, seier Gulaker.

Stolpediagrammet viser dei totale utbetalingane frå Norsk pasientskadeerstatning per år i millionar kroner. I det fyrste året, 1988, var erstatningane på 62000 kroner. I 2000 steig utbetalingane til over 200 millionar kroner. I 2010 til over 800 millionar. I 2014 passerte ein for fyrste gong éin milliard kroner i utbetalingar. Stolpediagrammet viser òg at fleirtalet av utbetalingane skjer innan offentleg helseteneste, men eit mindre, men monaleg tal skjer i privat helseteneste, og óg ein del innan legemiddelsaker.

Kontakt: