Lovendring om innhenting av teiepliktige opplysningar

Frå 1. juli 2023 har NPE lovheimel i pasientskadelova til å innhente teiepliktige opplysingar, som er nødvendige for å behandle erstatningssaka.

Skriv ut Bokmål | English | 7. august 2023

Tidlegare ba vi om samtykke frå erstatningssøkjar for å innhente opplysingane. Den nye regelen i pasientskadelova § 10 a regulerer kven vi kan innhente teiepliktige opplysingar frå.

Om vi i samband med utgreiinga av saka treng teiepliktige opplysingar, som ikkje er omfatta av lovheimelen, vil vi kontakte erstatningssøkjar for å få ei eiga fullmakt til å innhente slike opplysingar.

Kven gjeld lovendringa for?

Lovheimelen gjeld for dei som har sendt inn eit søknadsskjema til NPE, og for dei som klagar på vedtak i saka si til Pasientskadenemnda, etter 1.juli 2023.

For dei som sende inn søknadsskjema før 1. juli 2023, hentar vi inn teiepliktige opplysingar på bakgrunn av samtykket vi allereie har teke imot.