Ny direktør i Norsk pasientskadeerstatning

Kristin Cordt-Hansen starta som ny direktør i NPE 1. mars i år.

Skriv ut Bokmål | English | 16. mars 2023

Frå tidlegare har Cordt-Hansen brei erfaring frå helseforvaltinga, både Statens Helsetilsyn og nesten seks år i Helsedirektoratet, mellom anna eitt år som fungerande divisjonsdirektør for Spesialisthelsetenestedivisjonen. Dei siste sju åra har ho vore assisterande direktør og juridisk direktør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Cordt-Hansen har tidlegare vore seksjonssjef i NPE ein periode og kjenner verksemda godt.

-Samfunnsoppdraget til NPE gir stor meining; å sørgje for at dei som har krav på erstatning etter skade i helsetenesta får det innan rimeleg tid, slik at dei kan få eit så godt liv som mogleg. Vi må aldri gløyme at det er menneske bak kvar og ei av sakene vi behandlar, seier Cordt-Hansen.

Ho er òg oppteken av den positive effekten av å gi informasjon attende til helsetenesta. Det å lære av kva som gjekk gale er eit viktig bidrag til forbetring av pasientbehandlinga i framtida.

Den nye direktøren har eit breitt nettverk og solid forståing for oppgåvefordeling og korleis helseforvaltinga fungerer.

- Eg likar å nå mål saman med andre og å jobbe med forbetring. Kvaliteten på avgjerdene våre må vere god, utan at vi brukar meir tid enn det som er nødvendig ut frå kompleksiteten saka. Den balansen gler eg meg til å utmane saman med medarbeidarane i NPE, seier Cordt-Hansen.