Historia til ordninga
1. Bakgrunn for ordninga
2. Forskrift av 2009
3. Endring av forskrift i 2013
4. Nye tilskotssatsar frå 2016
5. Endring av forskrift frå 2020 - tilskotssatsar og risikoklassar
1. Bakgrunn for ordninga
Frå 2009 fekk Norsk pasientskadeerstatning (NPE) ansvaret for å behandle erstatningssaker frå privat helseteneste.
Bakgrunnen var å sikre at alle pasientar har den same tryggleiken ved ein eventuell pasientskade, uavhengig av om behandlinga har skjedd i privat eller offentleg helseteneste.
Ordninga inneber at alle verksemder og autorisert helsepersonell som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta, skal betale tilskot til NPE. Tilskotsordninga dekkjer kostnadene til erstatning til pasientar og pårørande. I tillegg dekkjer ho kostnadene til å utgreie sakene.
2. Forskrift av 2009
I 2009 blir privat helseteneste inkludert i pasientskadelova. Då får pasientar same rettar, uavhengig av offentleg eller privat behandling.
Alle pasientskadar som har skjedd etter 01.01.2009 blir behandla etter pasientskadelova. For skadar som har skjedd tidlegare gjeld andre reglar, avhengig av om det er privat eller offentleg sektor.
3. Endring av forskrift i 2013
Endring i «Forskrift om pasientskadelovens virkeområde og om tilskuddsplikt for den som yter helsehjelp utenfor den offentlige helsetjenesten» blei vedteken 08.01.2013. Endringane tok til å gjelde 01.02.2013.
Nedanfor finn du ein kort omtale av endringane som blei vedtekne. Utfyllande informasjon om kvart av punkta og fristar, prisar og praktiske opplysingar finn du i "Forskrift om endring..." i lenkeboksen til høgre.
Unnatak frå tilskotsplikt
Organisasjonar og foreiningar som av og til sørgjer for helsehjelp med små årsverksdelar i samband med arrangement, som idrettsarrangement og liknande, er unnatekne frå å måtte betale tilskot til NPE.
Meldeplikt for endringar
Det er berre endringar i verksemda som skal meldast inn til NPE innan 1. februar. Dette gjeld endring i talet og samansetjinga av helsepersonellgrupper og årsverk.
Sjå lenka "Forskrift om endring..." i boksen til høgre for eigne fristar for melding om ny verksemd, opphøyr av verksemd og endring av adresse, telefon og annan kontaktinformasjon.
Tilskot - prisar
Prisane (tilskotssatsane) er endra i tråd med dei erfaringane ein har gjort i den perioden privat helseteneste har vore omfatta av ordninga. Tabellen viser fastsett risikogruppe for helsepersonellgruppene og kva den årlege prisen vil bli.
4. Nye tilskotssatsar frå 2016
Frå og med 01.01.2016 auka tilskotssatsane til NPE for aktørar i privat helseteneste. Du kan lese meir om endringane i satsane her.
Erstatningsordninga skal vere sjølvfinansierande
Aktørane i privat helseteneste skal fullt ut dekkje kostnadene knytte til pasientskadesaker frå dette området. Dei har plikt til å betale tilskot til NPE til dekning av alle framtidige kostnader (saksbehandling, advokathjelp og eventuell erstatning), knytte til skadar som måtte ha inntreft i det aktuelle året. Det kan gå fleire år før alle skadar inntrefte i eit visst år er ferdig behandla. Difor er det nødvendig å ha eit fond med tilstrekkeleg kapital for å dekkje framtidige forpliktingar.
Tilskotssatsane blir mellom anna rekna ut frå skadefrekvens, skadeomfang og erstatningsutbetalingar innanfor ulike helsepersonellgrupper.
Oppdaterte tilskotssatsar frå 1. januar 2016
Helse- og omsorgsdepartementet fastsette nye tilskotssatsar frå januar 2016. Endringane blei gjort for å sikre at det er tilstrekkeleg kapital i fondet for å dekkje utgiftene til pasientskadesakene frå dette området.
Satsane gjeld frå 01.01.2016 og blei lagde til grunn for fakturering av tilskot i 2016.
Vi minner om at alle nye verksemder i privat helseteneste har plikt til å registrere seg i NPE.
5. Endring i forskrift frå 2020 - tilskotssatsar og risikoklassar
Frå og med 01.01.2020 er § 10 endra til "Tilskuddssatser og risikoklasser". Det vil seie at det er endringar i tabellen NPE brukar som grunnlag for fastsetjing av tilskot etter § 5.
Du finn lenke til den oppdaterte tabellen på Lovdata til høgre på sida når endringane er kunngjorde.