Informasjon om ordninga og regelverk

Her finn du informasjon om regelverket knytt til tilskotsordninga for privat helseteneste.

Kva dekkjer tilskotsordninga?

Tilskotsordninga dekkjer kostnadar til å utgreie erstatningssakene. I tillegg dekkjer ho utbetaling av erstatning til pasientar og pårørande. Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla om kva tilskotsordninga omfattar og kva det betyr for deg...

Regresskrav ved manglande innbetaling av tilskot

Verksemder som yter helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal melde frå og betale tilskot til NPE for det helsepersonellet som er sysselsett i verksemda. Om ein ikkje gjer det, kan verksemda risikere å måtte betale utbetalt erstatningssum og kostnadar.

Klage på tilskot

Helse- og omsorgsdepartementet fastset tilskotssatsane for dei enkelte helsepersonellgruppene i tråd med gjeldande forskrift. Her kan du lese meir om klageretten på fastsetjinga av tilskotet. 

Regelverk og prisar

Her finn du informasjon om regelverket og tilskotssatsane for dei ulike helsepersonellgruppene.