Regresskrav ved manglande innbetaling av tilskot

Verksemder som yter helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal melde frå og betale tilskot til NPE for det helsepersonellet som er sysselsett i verksemda. Om ein ikkje gjer det, kan verksemda risikere å måtte betale utbetalt erstatningssum og kostnadar.

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

NPE kan gi medhald for skadar som har skjedd i ein periode der verksemda ikkje var dekt av pasientskadeordninga. Då vil verksemda få krav om å dekkje erstatningsutbetalingar og saksbehandlingskostnadar, såkalla regress. Verksemder som ikkje har betalt tilskot, vil òg få krav om etterbetaling av tilskot for åra dei har vore tilskotspliktige. Pasienten vil uansett vere dekt av pasientskadeordninga.

Konsekvensar av å ikkje betale pliktig tilskot

Verksemder vil vere dekte av pasientskadeordninga når dei har meldt inn verksemda med rette opplysingar, og betalt tilskot for alle åra dei har gitt behandling.

Når ei verksemd etterbetalar tilskot for tidlegare år, vil ho berre vere dekt for skadar som blir melde til NPE etter tidspunktet for etterbetaling. Der det allereie er meldt ei sak, vil vi krevje regress for denne saka, fordi ein då ikkje er dekt av ordninga.

NPE har fremja regresskrav i fleire saker. Vi vil løpande fremje slike krav i tilfelle der vi gir erstatning for pasientskadar, og verksemda ikkje har betalt tilskot for det aktuelle skadeåret.

Om regresskravet ikkje blir betalt, vil kravet bli sendt til Statens innkrevingssentral for innkrevjing.

Klagerett

Ei avgjerd frå NPE om å krevje regress er eit vedtak som det er mogleg å klage på. Fristen for å klage er tre veker frå ein har teke imot regressbrevet. Ei klage må sendast til NPE for vurdering. Om vi ikkje finn grunn til å gjere om på vedtaket, sender vi klaga vidare til Helseklage, som behandlar klagene på vedtaka våre.

Vi gjer merksam på at regresssummen må betalast innan fristen, sjølv om ein klagar på vedtaket.