Fagnotat: Habilitet

Internt fagnotat om vurdering av habilitet for saksbehandlarar, leiarar og sakkunnige i NPE.

Skriv ut 20. desember 2024

1. Innleiing
2. Formålet med habilitetsreglar
3. Kva betyr det å være inhabil?
4. Kven skal vurdere habiliteten
5. Dei absolutte inhabilitetsgrunnane
6. Inhabilitet på grunnlag av særeigne forhold som svekker tilliten
7. Habilitet når erstatningssøkar eller nær familie, er eller har vore tilsett i NPE
8. Habilitet og dei sakkunnige
9. Rutinar ved inhabilitet
10. Litteratur og praksis

1. Innleiing

Dette fagnotatet gir både ei oversikt over habilitetsreglane  og korleis vi skal behandle saker der saksbehandlarar eller leiarar er inhabile. Det er viktig å vere klar over at praksis i NPE er noko strengare enn det som følger av forvaltningslova.  

I fagnotatet blir brukt tilsett både for leiarar og saksbehandlarar. Føresegnene om habilitet gjeld også for sakkunnige, sjølv om dei ikkje er tilsette i NPE.

2. Formålet med habilitetsreglar

Habilitetsreglane skal sikre at vi behandlar sakene på ein korrekt og upartisk måte. Reglane skal forhindre at tilsette tar usaklege omsyn ved førebuing eller avgjerd av saker. På denne måten bidrar habilitetsreglane til tillit til forvaltninga. Habilitetsreglane vernar også dei tilsette mot mistanke om partiskheit eller at avgjerder blir tatte ut frå tilsettes eigeninteresse.

Brot på habilitetsreglane vil vere saksbehandlingsfeil. Vedtak kan bli ugyldig om feilen kan ha påverka innhaldet i vedtaket.

3. Kva betyr det å vere inhabil?

Å vere inhabil betyr at den tilsette ikkje kan delta verken i førebuinga eller avgjerda av ei sak, på grunn av tilknytinga si til personar som kan bli ramma av utfalla i saka.

4. Kven skal vurdere habiliteten

Hovudregelen er at den tilsette skal vurdere habiliteten sin sjølv. Er den tilsette i tvil om habiliteten sin skal  hen kontakte næraste leiar. Næraste leier kan avgjere om den tilsette er habil eller ikkje. Er leiar i tvil om habiliteten kan  hen kontakte juridisk avdeling.

Også sakkunnige skal vurdere habiliteten sin sjølv. Den sakkunnige skal bekrefte eigen habilitet i den sakkunnige erklæringa. Er den sakkunnige usikker om habiliteten kan spørsmålet takast opp med NPE.

5. Dei absolutte inhabilitetsgrunnane

Forvaltningslova har reglar om absolutte inhabilitetsgrunnar i § 6 første ledd. I desse tilfella er  det ikkje grunn til å vurdere habiliteten. Blir omfatta den tilsette av denne føresegna, så er  den tilsette inhabil.

§ 6 første ledd:

En offentlig tjenestemann er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller til å treffe avgjørelse i en forvaltningssak

  1. når han selv er part i saken;
  2. b) når han er i slekt eller svogerskap med en part i opp- eller nedstigende linje eller i sidelinje så nær som søsken;
  3. c) når han er eller har vært gift med eller er forlovet med eller er fosterfar, fostermor eller fosterbarn til en part;
  4. d) når han er verge eller fullmektig for en part i saken eller har vært verge eller fullmektig for en part etter at saken begynte;
  5. e) når han leder eller har ledende stilling i, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for
    1. et samvirkeforetak, eller en forening, sparebank eller stiftelse som er part i saken, eller
    2. 2. et selskap som er part i saken. Dette gjelder likevel ikke for person som utfører tjeneste eller arbeid for et selskap som er fullt ut offentlig eid og dette selskapet, alene eller sammen med andre tilsvarende selskaper eller det offentlige, fullt ut eier selskapet som er part i

NPEs praksis omfattar fleire relasjonar enn berre tilsette og part i saka (erstatningssøkar). Har tilsette relasjonar til helsepersonell ved innklaga behandlingsstad skal dei vurdere habiliteten sin på same måte. Behandlingsstadene er etter pasientskadelova ikkje part i saka, men habilitetsreglane gjeld som om dei hadde vore part.

Om ein tilsett har ein relasjon som liknar på det som er opplista, skal den tilsette vurdere habiliteten sin etter forvaltningsloven § 6 andre ledd (sjå neste punkt).

6. Inhabilitet på grunnlag av særeigne forhold som svekker tilliten

Sjølv om ein ikkje er inhabil etter første ledd så kan ein bli inhabil etter skjønnsregelen i forvaltningsloven § 6 andre ledd.

§ 6 andre ledd:

Likeså er han ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. Det skal også legges vekt på om ugildhetsinnsigelse er reist av en part.

Ein tilsett skal vurdere eigen habilitet ut frå to kriterium. For det første om det er «særeigne forhold», og såg om forholda er «eigna til å svekke tilliten» til at hen er upartisk i saka.

Forhold som kan svekke tilliten vil normalt vere om den tilsette sjølv, eller nokon hen har ei nær personleg tilknyting til, kan få ein fordel, økonomisk gevinst/tap eller ei ulempe ved avgjerda. Tilknytinga mellom den tilsette og parten kan vere økonomiske eller forretningsmessige forhold, vennskap eller liknande.

Den tilsette skal gjere ein konkret og individuell vurdering av eiga tilknyting til saka, og relasjonen til part eller helsepersonell som har tilknyting til saka. Vurderinga er «ei objektiv vurdering der det skal vege tungt korleis forholdet vil fortone seg for folk flest» (sml. domstolloven § 108, Rt-2003-1588 for dommarar i HR). Den tilsette må altså vurdere korleis relasjonen kan oppfattast av andre og sjå bort frå eiga oppfatning. Den tilsette skal altså ikkje vurdere om hen kan vere upartisk, men vurdere korleis relasjonen kan oppfattast av folk flest.

Det skal også leggast vekt på arten i saka når habiliteten blir vurdert. Habilitetsreglane skal praktiserast strengare både i saker som har mykje å seie for parten og i saker der den tilsette har større moglegheit for å påverke resultatet i saka. Dette vil typisk gjelde vanskelege og skjønnsprega vurderingar.

Om ein part meiner at den tilsette er inhabil så skal det leggast vekt på dette. Her vil det likevel vere grunngivinga til parten som vil avgjere om det skal leggast stor vekt på meininga.

Det kan vere aktuelt å vurdere om andre relasjonar og slektskapsforhold enn dei som er nemnde i forvaltningsloven § 6 første ledd fører til inhabilitet. Slektskap som for eksempel tante, onkel, nevø, kusine eller fetter kan føre til inhabilitet om det ligg føre noko «særeige» som skil seg frå det som er vanleg. Det kan for eksempel vere slektskap kombinert med ein nærare vennskap enn det som er vanleg i eit slektskapsforhold.  

At ein tilsett har hatt kontakt med parten eller behandla saka tidlegare førar ikkje til inhabilitet. Dette kan for eksempel gjelde klage på eit vedtak som den tilsette har gjort, gjenopptak av eit tidlegare vedtak eller behandling av ein ny erstatningssøknad frå same erstatningssøkar.

7. Habilitet når erstatningssøkar eller nær familie, er eller har vore tilsett i NPE

Tilsette i NPE er ikkje automatisk inhabile i saker der erstatningssøkar er tilsett i NPE, eller er gift med eller i nær slekt med ein annan tilsett. Den tilsette som skal behandle saka må vurdere relasjonen sin til parten etter habilitetsreglane.

Den tilsette må på vanleg måte vurdere om det finst «særeigne forhold»,  og om det er ein nærare relasjon enn vanleg mellom tilsette/kollegaer. Både juridisk teori og praksis krev meir av relasjonen enn ein kjenning eller kollegaforhold for at den tilsette skal vere inhabil. Justisdepartementets lovavdeling har sagt at dette utgangspunktet også gjeld om samarbeidet er omfattande og strekker seg over lang tid. Eit vanleg godt kjenning og samarbeid fører normalt ikkje til inhabilitet. Viss forholdet er særleg nært og omfattande, kan det føre til inhabilitet. Det vil først og fremst vere grada av vennskapen som har noko å seie[1].

I NPE blir det  likevel praktisert slik at tilsette ikkje skal behandle saker som gjeld ein kollega på same seksjon, eller denne  kollegaens ektefelle eller nære slektning. Det same gjeld dersom den tilsette og kollegaen er på ulike seksjonar, men har eller har hatt eit tett samarbeid[2].

8. Habilitet og dei sakkunnige

For sakkunnige gjeld dei same habilitetsreglane som for tilsette. I NPE er det likevel vedtatt at sakkunnige ikkje skal vurdere saker som gjeld behandlingsstad der den sakkunnige er tilsett. Praksisen er altså strengare enn det lova bestemmer.

Viss saka gjeld ein behandlingsstad der den sakkunnige tidlegare har vore tilsett, må  den sakkunnige gjere ei konkret vurdering om eigen habilitet. Ved vurderinga skal hen blant anna legge vekt på:

  • Kor lang tid det er sidan den sakkunnige var tilsett
    I utgangspunktet er det uproblematisk å vurdere saka dersom det har gått meir enn fem år sidan den sakkunnige var tilsett.
  • Kva stilling den sakkunnige hadde
    Ansettelsesforholdet må ligge lenger tilbake i tid dersom den sakkunnige har hatt ei leiarstilling. Kor lenge ein har hatt stillinga og kor sentral stillinga var, vil ha noko å seie. Kort tilsetting i ei underordna stilling tilbake i tid er vanlegvis uproblematisk.
  • Kva rolle har den sakkunnige hatten på behandlingsstaden
    Har  hen for eksempel lagt grunnlaget for ein praksis, hatt ansvar for fagleg utvikling osb.? Vurderinga kan vere ulik for små avdelingar/einingar og store einingar med mange tilsette. 

Det finst saker der den sakkunnige arbeidaren i ein tannklinikk som er eigd av ei kjede. Også i slike tilfelle må den sakkunnige vurdere sin eigen habilitet konkret, ut i frå bindinga si til behandlingsstaden. Eit vanleg tilsettingsforhold på ein annan klinikk, i same kjede, førar i utgangspunktet ikkje til inhabilitet. Moment som kan tale for inhabilitet er om dette er ein klinikk den sakkunnige sjølv har starta opp, har  eigarinteresser i, har hatt ein overordna roller eller gitt ansvar i osb.

I nokre saker er det spørsmål om den sakkunnige er inhabil til å vurdere saker der den sakkunnige har hatt fagleg samarbeid med involvert helsepersonell. Det er i praksis lagt til grunn (m.a. av Justisdepartementets lovavdeling) at det skal mykje til for at eit fagleg samarbeid fører til inhabilitet. Eksempel på forhold som ikkje gjer ein sakkunnig inhabil er samarbeid om fagheft, bidrag til lærebøker  eller at ein sit i same råd eller styre. Dette gjeld uavhengig av størrelsen til fagmiljøet. På same måte som elles, må det gjerast ei konkret vurdering av om det ligg andre særeigne forhold føre, som nær vennskap eller liknande.

Det kan førekomme saker der ein sakkunnig har vore involvert i behandlinga som ligg til grunn for erstatningskravet. Den sakkunnige skal da naturlegvis ikkje vurdere saka. Det betyr ikkje at saksbehandlarar, leiarar i NPE eller andre sakkunnige er inhabile. Saka blir i utgangspunktet behandla på vanleg måte. Saksbehandlar og leiar vurderer på vanleg måte om dei har ein slik relasjon til den sakkunnige som har vore involvert i behandlinga, at det fører til inhabilitet.

9. Rutinar ved inhabilitet

Når ein saksbehandlar er inhabil, blir saka  overført til ein annan saksbehandlar på ein annan seksjon.

Når ein leiar er inhabil, skal  ikkje ein direkte underordna avgjere saka. Dersom ein seksjonssjefar inhabil, blir overførte saka til ein annan seksjon. Dersom avdelingsdirektøren for den eine avdelinga for pasientskadesaker er inhabil, blir saka  overført til den andre avdelinga for pasientskadesaker.

Offentlege organ kan ikkje bli inhabile, reglane gjeld berre tilsette. Dersom direktøren i NPE er inhabil, kan likevel ikkje ein underordna som er tilsett i same forvaltningsorgan avgjere saka. I slike tilfelle har  Helse- og omsorgsdepartementet etablert ein praksis der Helsedirektoratet er setteorgan for NPE. Etter avtale med departementet skal  saka sendast direkte til Helsedirektoratet som da førebur og avgjer saka.

10. Litteratur og praksis

Eckhoff, Torstein og Smith, Eivind: Forvaltningsrett, Universitetsforlaget

Graver, Hans Petter: Alminnelig forvaltningsrett, Universitetsforlaget

Woxholth, Geir: Forvaltningsloven med kommentarer, Gyldendal

Uttalelser fra Justisdepartementets lovavdeling og Sivilombudet

[1] tolkingsfråsegn av Justisdepartementets lovavdeling 13.02.2008

[2] Tidlegare har Helsedirektoratet behandla alle saker som gjeld tilsette, tidlegare tilsette, ektefellane deira og nære familie. Dette er endra til at det berre gjeld saker der direktør i NPE er inhabil.