Koronar angiografi - avslag

Ein mann søkte erstatning for at han fekk ei rift i pulsåra til hjartet i samband med røntgenundersøking av blodårene rundt hjartet. Dette førte til akutt open hjarteoperasjon med reparasjon av åra. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2018

Mannen hadde ei tid hatt aukande smerter i brystet. Ved undersøking på sjukehuset mistenkte legane at han hadde hatt eit akutt, mindre infarkt. Dei gjorde difor ei røntgenundersøking av årene utanpå hjartet (koronar angiografi). Undersøkinga viste at ei av kransårene var tett. Elles var det stort sett normale forhold.

Ved innsprøyting av kontrastvæske i ei av kransårene blei det ei større rift i pulsåra som kjem nedanfrå til hjartet. Skaden var så stor at mannen måtte opererast med opning gjennom brystbeinet. Kirurgen fjerna den skadde blodåra og sydde inn ei kunstig åre. I tillegg laga han ein bypass forbi det tette området ein hadde funne i ei blodåre.

Etter inngrepet hadde mannen smerter i brystbeinet, og han trong opptrening.

Hadde ikkje rifta oppstått, kunne ein sannsynlegvis ha opna den tette blodåra i same operasjon.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i karkirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var godt grunnlag for å gjere koronar angiografi, fordi det var mistanke om at mannen hadde ei tett blodåre utanpå hjartet. Undersøkinga blei òg gjort etter god medisinsk praksis. Likevel kom det til ei rift i ei sentral blodåre då ein sprøytte inn kontrastvæske.

Som følgje av denne skaden måtte mannen opererast med opning av brystkassen. Skaden blei reparert samtidig som ein la ein bypass forbi det tette området. Vi meinte at operasjonen og oppfølginga etterpå var etter god medisinsk praksis.

At det oppstår rifter i blodårene på grunn av instrumenta ein fører inn, er ein godt kjend komplikasjonsrisiko ved denne behandlinga. Både skaden i blodåra og grunnlidinga mannen hadde blei behandla med god effekt. Vi meinte at ein måtte sjå dei plagene mannen fekk etter behandlinga, opp mot at han blei behandla for ein sjukdom som ubehandla kunne ha ført til eit nytt hjerteinfarkt.

Mannen har ikkje rett til erstatning.