Føflekkreft - diagnose - avslag

Ein mann kravde erstatning for følgjene av forseinka diagnose og behandling av føflekkreft. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 14. mai 2019

Mannen fekk fjerna nokre føflekker på kroppen. Desse blei sendt til histologisk undersøking. I ein av dei fjerna føflekkene blei det funne kreft (malignt melanom). Han måtte difor opererast ein gong til med fjerning av meir hud rundt arret. Det blei ikkje funne spreiing til andre organ.

Eit halvt års tid seinare var det tilkome to kular i øyre- og halsregionen. MR-undersøking viste at det sannsynlegvis dreidde seg om spreiing av kreft til lymfeknutar i området. Ein nålebiopsi stadfesta dette, og mannen blei operert.

Ei CT- undersøking eit knapt år seinare avdekka at det var tilkome knutar i lungene, men informasjon om dette funnet kom ikkje fram til fastlegen, og mannen fekk fyrst vite det då han var til ny CT-undersøking eit år seinare. Det blei då konstatert at knutane hadde vakse, og at det var spreiing av føflekkreften til lungene.

Han fekk etter det lindrande behandling med cellegift.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i bryst- og endokrinkirurgi og ein sakkunnig spesialist i kreftsjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at behandlinga både hjå fastlegen, røntgeninstituttet og hjå hudavdelinga ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Dette førte til at behandling av føflekkreften og diagnostisering av spreiinga blei forseinka ved fleire høve.

For å vurdere om ein pasient har rett til erstatning i slike tilfelle samanliknar vi situasjonen med og utan forseinkinga. Ein har ikkje rett til erstatning for den sjukdomsutviklinga som likevel ville skjedd med rett diagnose og behandling.

Vi la til grunn at mannen ikkje var påført nokon skade ved dei forseinkingane i behandlinga som oppstod som følgje av forseinka diagnose. Grunnen til dette var at kreften mest sannsynleg hadde spreidd seg til lymfeknutar før føflekkene blei fjerna. Behandlinga og prognosen for overleving ville vore lik òg utan forseinking.

Mannen har ikkje rett til erstatning.