Hjerneinfarkt - avslag

Ei kvinne søkte om erstatning for plager hun meinte ho hadde fått etter forseinka diagnose og behandling av hjerneinfarkt. Vi meinte at behandlinga ho fekk, var etter god medisinsk praksis. Kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 6. oktober 2017

Kvinna ringde legevakta då ho brått blei svimmel, kvalm og hadde hovudverk og synsforstyrringar. Ho blei henta i ambulanse heime og frakta til legevakta for undersøking. Frå legevakta blei ho send direkte til sjukehus. CT av hovudet og ultralydundersøking viste at ei av halspulsårene på høgre side var heilt tett og at ho hadde eit hjerneinfarkt.

Nevrologane meinte at medvitsnivået hennar var slik at det ikkje var grunnlag for trombolyse. Kvinna fekk straks blodfortynnande og kolesterolsenkande behandling. Fire dager etter, då ho skulle reise heim, fekk ho på nytt akutte smerter i hovudet, og ny undersøking viste eit nytt infarkt. Heller ikkje då var det grunnlag for trombolyse på grunn av auka blødingsfare.

Kvinna meinte at plagene hennar ville vore unngått om ho hadde blitt send direkte til sjukehuset. Ein skulle òg sett i gang behandling med trombolyse med ein gong. Vidare meiner ho at det nye hjerneinfarktet skulle vore diagnostisert før. Ho meinte forseinkinga gav henne hjerneskade, nedsett syn og kognitiv svikt og førte til at ho fall ut av arbeidslivet.

Vurderinga vår
Saka blei vurdert av sakkunnig spesialist i allmennmedisin og sakkunnig spesialist i nevrologi.

På bakgrunn av undersøkinga på legevakta, kontakta legen ein nevrolog på sjukehuset. Kvinna blei etter det send til sjukehuset, der dei undersøkte henne med ein gong. På dette tidspunktet var det ikkje grunnlag for å gjere trombolyse.

Undersøkingane og behandlinga kvinna fekk på sjukehuset var i tråd med god medisinsk praksis. Det same gjaldt då ho fekk eit nytt hjerneinfarkt på sjukehuset. Sidan ein allereie hadde sett i gang behandling med blodfortynnande medisinar, kunne ein ikkje gjere trombolyse på dette tidspunktet heller, fordi blødingsfaren var for stor.

Vi meinte at sjukehuset vurderte rett båe gongene, at det ikkje var grunnlag for å setje i gang trombolysebehandling. Difor spelte det inga rolle om ambulansetransporten kunne vore raskare, og om kvinna hadde blitt frakta direkte til sjukehuset. Behandlinga og sluttresultatet hadde vore det same.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.