Bipolar liding - feil diagnose - avslag

Ei kvinne fekk diagnosen bipolar liding. Ho søkte erstatning for feil diagnose og fleire biverknader av feilmedisinering, som vektauke, tvangshandlingar og sjølvmordstankar. Vi vurderte saka og ho fikk avslag.

Skriv ut Bokmål | English | 30. oktober 2023

Kvinna hadde diagnosane bipolar liding og personlegdomsforstyrring. Ho sleit i tillegg med ei rekkje forhold som alkohol- og rusmisbruk, depresjon, sjølvmordstankar og livsbelastande hendingar. Ho blei medisinert for den bipolare lidinga, og fekk tilbod om samtaleterapi og rusbehandling. Fleire år seinare fekk ho diagnosen PTSD. Ho meinte då at ho ikkje var bipolar, og at den diagnosen blei sett feil.  

Vurderinga vår

Ein spesialist i psykiatri har vurdert saka.

Vurderinga vår er at diagnostiseringa var i tråd med god medisinsk praksis. Kvinna oppfylte diagnosekriteria for bipolar liding, og dei medisinane ho fekk og terapien var nødvendig behandling. Medisinane hadde god effekt på plagene hennar, og biverknadene er kjende. I periodar då ho sjølv slutta med medisinar og ikkje møtte opp til samtalar, blei tilstanden hennar forverra.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.