Bipolar liding - feil diagnose - medhald

Ei kvinne fekk diagnosen bipolar liding og blei medisinert for dette. Etter ti år blei diagnosen fjerna. Kvinna søkte erstatning for feil diagnose og for dei biverknadene ho fekk av feilmedisineringa. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 30. oktober 2023

Kvinna var plaga med mismot og store humørsvingingar. Ho fekk diagnosen bipolar liding og blei medisinert. Det viste seg etter kvart at medisineringa ikkje hadde god nok effekt, og at ho fekk ein del biverknader. Ho hadde heller ikkje symptom som tydde på bipolar liding. Etter ti år blei medisineringa avslutta og diagnosen fjerna.

Vurderinga vår

Ein sakkunnig spesialist i psykiatri vurderte saka.

Vi meinte at utgreiinga ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Ho fekk diagnosen bipolar liding trass i at strukturert intervju ikkje støtta denne diagnosen. Behandlar burde i staden ha sett teikna på at kvinna var deprimert og behandla henne for dette. Det var kjent at ho har nær familie som òg slit med depresjon.

Den feilaktige diagnosen gjorde at ein valde feil medisinar, som hadde sparsam effekt på symptoma kvinna hadde. I tillegg blei dei gitt i for store dosar og over for lang tid. Det gav henne ei rekkje biverknader som gjorde at ho fekk nedsett funksjonsevne. 

Kvinna har rett til erstatning.