Elektrosjokkbehandling - avslag

Ei kvinne fekk behandling med elektrosjokk, i tillegg til angstdempande medisinar. Kvinna søkte om erstatning for søvnvanskar og minnetap. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 19. desember 2017

Kvinna fekk byrjande symptom på affektiv liding i ungdomen. Etter kvart fekk ho diagnosen schizoaffektiv liding og blei uføretrygda på grunn av det eit par år etter.

Det gjekk ti år før kvinna var i kontakt med behandlingsstaden att. Ho blei då behandla med medisinar for ein djup depresjon. Ho sov dårleg om natta og hadde symptom på angst. Kvinna hadde ingen effekt av psykoterapi og berre forbigåande effekt av medisinar.

Kvinna fekk då elektrosjokkbehandling med god effekt. Samtidig blei ho behandla med ei rekkje angstdempande medisinar som ho blei avhengig av. Medisinane blei trappa ned og et halvt år etter den fyrste elektrosjokkbehandlinga, blei ho behandla ein gong til. Behandlinga verka straks  godt på depresjonen, og søvnen kom tilbake.

Tilstanden tiltok att og hun fekk sjølvmordstankar, angst, eteforstyrring, og nye søvnvanskar. På grunn av vedvarande problem fekk ho fleire elektrosjokkbehandlingar.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i psykiatri vurderte saka.

Vi meinte at det var godt grunnlag for elektrosjokkbehandlinga, og kvinna var sjølv innstilt på å prøve elektrosjokk. Behandlinga var i tråd med vanlege retningslinjer.

Det var mest sannsynleg ikkje årsakssamanheng mellom søvnvanskane, minnetapet og elektrosjokkbehandlinga. Kvinna hadde søvnproblem i lang tid før elektrosjokkbehandlinga. Minnetap er vanlegvis ein forbigåande biverknad til slik behandling. Det er meir sannsynleg at depresjonen i seg sjølv og nødvendig bruk av medikament var skuld i plagene.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.