Om legemiddelskadar

NPE behandlar alle erstatningskrav som gjeld skadar ved legemiddelbruk.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

Det er ikkje alltid lett å vite om du har fått ein legemiddelskade eller ein pasientskade. Nokre gonger vil dette først bli klart når vi vurderer saka.

Du kan søkje erstatning for biveknader av legemiddel, vi kallar det legemiddelskade. Du kan òg søkje erstatning for svikt i behandlinga, dette kallar vi pasientskade.

Legemiddelskade

Litt forenkla kan ein seie at legemiddelskadar er skadar som skuldast innhaldet i eit legemiddel. Du kan til dømes få alvorlege skadar som leversvikt, nyresvikt, blødingar eller andre biverknader.

Om skaden skuldast bruk av medisinar som du sjølv har kjøpt i butikken eller reseptfritt på apotek, vil vi alltid vurdere skaden som ein rein legemiddelskade, ikkje som ein pasientskade. Erstatningskravet vil då bli behandla etter særskilde reglar om legemiddelansvaret i produktansvarslova.

Pasientskade

Ein pasientskade derimot, skjer som regel på grunn av ein behandlingssvikt hos helsepersonell. Du kan til dømes få feil medisinar eller feil dose frå legen din, og du får ein skade på grunn av det.

Kven er ansvarleg og betalar erstatning for legemiddelskadar?

NPE behandlar alle erstatningskrav ved legemiddelskade. Vi reknar òg ut erstatningssummen til dei erstatningssøkjarane som får medhald i kravet sitt. Dette gjer vi på oppdrag for Norsk Legemiddelforsikring (NLF), eit privat selskap som er ansvarleg for å erstatte legemiddelskadar.