Skjema
Du kan signere og sende inn søknad om erstatning digitalt. Du finn rettleiing om korleis du gjer det inne i skjemaet. Alle andre skjema må skrivast ut, signerast og sendast i posten. Du kan òg sende inn skjemaa gjennom Mi side.
Når du skal fylle ut eit skjema tilrår vi at du brukar ein moderne nettlesar som Google Chrome, Microsoft Edge, Apple Safari eller Mozilla Firefox. I tillegg tilrår vi at du installerer PDF-lesaren Adobe Acrobat Reader, som er gratis.
Når du har fylt ut skjemaet, må du lagre det lokalt på datamaskinen din før du sender det til oss. Opne skjemaet og sjekk at alt innhaldet er lagra. Ved problem, kontakt servicesenteret vårt.
Søknadskjema om erstatning
Andre skjema
Skjema og rettleiar for helsepersonell
- Skjema for uttale - pasientskade (pdf)
- Skjema for uttale - legemiddelsaker (pdf)
- Rettleiar til skjema for uttale - pasientskade (pdf)
- Opplysningar om pasientskadesak i privat helseteneste (pdf)
Informasjon om skjema som finst i Mi side
Skjemaa i lista under sender du enklast til oss gjennom Mi side, og vi tilrår at du tek i bruk Mi side for å sende oss det vi spør etter. Då får vi raskare rett informasjon frå deg.
Om du ikkje har Mi side, eller ikkje ynskjer å bruke Mi side, kan du skrive ned informasjonen vi treng og sende inn til oss. Du finn ei oversikt over det vi spør etter i informasjonsskriva under.