Fullmakt

Om ein erstatningssøkjar vil at ein annan skal representere han, treng vi ei fullmakt som stadfestar dette. Den som har fått fullmakta, kan då skrive under søknadsskjemaet.

Skriv ut Bokmål | English | 27. september 2019

Erstatningssøkjaren må skrive under ei fullmakt som gir ein annan person rett til å føre saka hos oss. Dette kan til dømes vere familie eller nære vener. Fullmektigen kan då skrive under på søknadsskjemaet.

I tillegg til fullmakta må vi ha kopi av godkjend legitimasjon frå erstatningssøkjaren; som pass, førarkort eller bankkort med fødselsnummer. Dette er for å sikre at det er erstatningssøkjaren som har skrive under fullmakta.