Mi side

Har du sendt inn søknad om erstatning, kan du følgje saka di på Mi side. Advokatar kan bruke Mi side på vegne av klientane sine.

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2023

På Mi side kan du følgje med på saka di, du får rask tilgang til brev vi sender ut, du kan enkelt og sikkert sende inn dokumentasjon og kommentere saka di etter kvart.

Desse kan bruke Mi side

  • Du kan bruke Mi side om du har søkt om erstatning og du er pasienten.
  • Du kan bruke Mi side om du er fullmektig for ein person som søkjer erstatning. Du må ha sendt inn gyldig fullmakt til oss.
  • Har du advokat eller fullmektig som representerer deg, har du berre lesetilgang på dokument du sjølv har sendt, eller teke imot, i Mi side.
  • Har du verje kan du diverre ikkje bruke Mi side.
  • Er du etterlaten, forelder eller verje kan du ikkje bruke Mi side.

Mi side for advokatar

Vi oppmodar advokatar til å bruke Mi side. Mi side gir deg oversikt over alle saker der du er advokat. Du får enkelt tilgang til dokumenta i saka og kan på ein trygg og enkel måte sende inn dokumentasjon eller kommentarar. Du får eit samla varsel kvar dag på e-post om vi har sendt deg eit nytt brev i ei av sakene.

Mi side er personleg, og alle brukarar loggar seg på med BankID. For at du som advokat skal få tilgang på Mi side, på vegner av klientane dine, må du sende oss personnummeret ditt, ei e-postadresse og eit telefonnummer som vi brukar til å varsle deg om oppdateringar. Av personvernomsyn må du sende oss informasjonen gjennom ei sikker digital løysing eller ved bruk av post.

Advokatfullmektigar kan bruke Mi side på same måte som advokatar.

Innlogging

Fyrste gongen du loggar inn, må du gi samtykke til å bruke Mi side og ta imot SMS-varsel.

Lenke til innlogging finn du i boksen under videoen.

NB: Nettlesaren Internet Explorer er utdatert og er ikkje lenger støtta av Mi side. Vi tilrår at du brukar ein annan nettlesar, som til dømes Chrome, Microsoft Edge, Firefox eller Safari.