Erstatning for personar med ADHD

Her er informasjon til deg som vurderer å søkje om erstatning i samband med ADHD.

Skriv ut Bokmål | English | 18. juni 2024

Kva gir rett til erstatning?

Om feilbehandling i helsetenesta har ført til økonomiske konsekvensar for deg, kan du ha krav på erstatning. Døme på dette kan vere at

  • du har fått auka utgifter til behandling
  • du ikkje har fullført utdanning
  • du har falle ut av arbeidslivet

Gir forseinka diagnose av ADHD rett til erstatning?

Forseinka diagnose gir ikkje automatisk rett til erstatning. Grunnen er at kunnskapen om ADHD, og korleis ein set diagnosen, har endra seg mykje opp gjennom åra.

Når vi skal vurdere om du har fått feil behandling, skal vi sjå på kva helsetenesta visste om ADHD på det tidspunktet du fekk behandlinga, ikkje det vi veit om ADHD i dag.

Det å ha fått ADHD gir ikkje rett til erstatning i seg sjølv. Det er berre dei økonomiske konsekvensane av ei feilbehandling som blir dekte av NPE.

Kvar har hjelpa svikta?

Vi kan gi erstatning for feilbehandling hjå til dømes barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), distriktspsykiatrisk senter (DPS) og fastlege.

Oppfølging frå til dømes skule, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og barnevern er ikkje rekna som helsehjelp. Manglande oppfølging derifrå gir difor som hovudregel ikkje rett til erstatning frå NPE. Søkjer du om erstatning på grunn av feil oppfølging frå nokon av desse, vil du normalt få avslag.

Kvifor får mange avslag?

Ni av ti som søkjer erstatning knytt til ADHD får avslag. I dei fleste sakene er grunnen at behandlinga var rett på det tidspunktet ho blei gitt, sjølv om vi vurderer ADHD annleis i dag.

Mange som kontaktar oss er opptekne av å få erstatning som ei godkjenning av dei problema dei har opplevd, det ein del kallar erstatning for «tort og svie». NPE kan gi erstatning for økonomisk tap og varig skade, men vi kan ikkje gi erstatning som plaster på såret.

Servicesenteret

Har du spørsmål om det å søkje erstatning, kan du få hjelp og rettleiing på servicesenteret vårt

Søkje erstatning

Ynskjer du å søkje erstatning, kan du fylle ut søknadsskjema digitalt.