Ofte stilte spørsmål - koronavaksine
Kva gjer eg om eg får biverknader?
Dei fleste biverknader er milde og går over i løpet av kort tid. Du kan lese meir om vaksinen og moglege biverknader i brosjyren til Folkehelseinstituttet Koronavaksine på 1-2-3
Om biverknadene ikkje går over i løpet av få dagar, bør du kontakte fastlegen din. Då vil du få dokumentert biverknadene. Dette er viktig når vi skal vurdere ein søknad om erstatning for vaksineskade.
Vi tilrår deg òg å melde frå om biverknadene til Legemiddelverket
Kva søknadsskjema skal eg velje for å søkje erstatning?
Du skal velje skjemaet for pasientskade, ikkje legemiddelskade. Nedanfor er nokre viktige opplysingar vi ber deg fylle ut i søknadsskjemaet.
- Når og kvar fekk du vaksinen?
- Kva for ein vaksine fekk du? (Oppgi produsent om du veit det)
- Når begynte dei fyrste symptoma?
- Kva symptom fekk du?
- Når oppsøkte du lege for desse symptoma?
Får utlendingar, som får vaksinen i Noreg, erstatning?
Personar frå andre land, som jobbar eller oppheld seg i Noreg og får vaksinen her, er omfatta av pasientskadeordninga og kan søkje om erstatning i NPE.
Korleis skjer saksbehandlinga av erstatningskrav?
Her finn du informasjon om mellom anna saksbehandlingstid, Mi side, korleis saksbehandlinga skjer og bruk av sakkunnige.