Pandemrix

Her har vi samla alle artiklar som handlar om svineinfluensavaksinen Pandemrix.

Ti år med erstatningar etter vaksine mot svineinfluensa

I 2019 er det ti år sidan Norsk pasientskadeerstatning (NPE) tok på seg erstatningsansvaret etter vaksinen Pandemrix mot svineinfluensa. Sidan då har NPE teke imot 801 søknader og utbetalt nærare 350 millionar kroner i erstatning.

Vaksine mot svineinfluensa: NPE opnar gamle saker for ny vurdering

Ny kunnskap viser at vaksne kan utvikle narkolepsi så seint som inntil to år etter å ha fått svineinfluensavaksinen Pandemrix. Tidlegare har vi lagt til grunn at vaksne som utviklar narkolepsi etter å ha blitt vaksinert, får symptom innan åtte månader.   

Pandemrix og ME

Vi får framleis erstatningskrav frå pasientar som meiner at dei har fått ME (myalgisk encefalopati) etter svineinfluensavaksinen Pandemrix. Det er så langt ingen medisinske studiar som viser ein større førekomst av ME-sjuke mellom dei som har fått vaksinen.

Svineinfluensavaksinen Pandemrix: Mange medhald og store utbetalingar

NPE held fram å behandle saker som gjeld svineinfluensavaksinen Pandemrix. Til no har 101 personar blitt tilkjende erstatning, og det er utbetalt totalt 174 millionar kroner. – Desse talla viser kor viktig det er at vi har ei ordning som gir økonomisk kompensasjon når ein har fått ein sjukdom eller skade etter vaksineringa, seier avdelingsdirekt...