Tannskade

Fleire og fleire søkjer erstatning etter skadar hos tannlegen. Ver klar over at du normalt ikkje kan få erstatning i NPE, om det økonomiske tapet er under 10 000 kroner.

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2020

Svikt i behandlinga

Dei aller fleste sakene vi gir medhald i, handlar om at behandlinga ikkje har vore god nok. Typiske eksempel er ufullstendig rotfylling, dårleg krone- eller brutilpassing og mangelfull oppfølging gjennom fleire år. I nokre saker ser vi òg at det ikkje var grunnlag for behandlinga. Då er det ofte snakk om unødvendig trekking av tenner.

Dei vanligaste formene for skade er tap av eller brot i tann eller implantat, smerter, infeksjon, nerveskade, eller at erstatningssøkjaren er misnøgd med det estetiske resultatet.

Svikt i diagnostikk

Dette gjeld oftast saker der funn ikkje har blitt følgt opp, eller utgreiinga har vore mangelfull. Desse sakene dreier seg stort sett om forseinka diagnostisering av tannråte eller tannkjøtsjukdom (periodontitt).

Krav under 10 000 kroner

Har du berre eit økonomisk tap, og det er under 10 000 kroner, kan du ikkje krevje erstatning frå oss. Du kan i staden vende deg direkte til den behandlingsstaden der skaden skjedde. Det er ein del erstatningssøkjarar som ikkje får medhald, sjølv om det har vore svikt i behandlinga, fordi det økonomiske tapet er under 10 000 kroner.

Eksempel på saker der skaden gir eit tap under og over 10 000 kroner.

Om du skal søkje erstatning for tannskade, skal du bruke dette skjemaet:

Trekking av jeksel - avslag 

Ei kvinne hadde mykje tannråte i ein seksårsjeksel slik at tanna måtte trekkjast. Tanna sat så godt at ho måtte delast opp for å få ut røtene. Det oppstod ein skade på nabotanna framme, fordi det blei bora langt inn i henne. Skaden var så stor at tanna måtte rotfyllast hos ein spesialist, før ho fekk ei ny fylling på toppen.

Vurderinga vår 
Det var grunnlag for å trekkje seksårsjekselen. Trekkinga blei i hovudsak gjort på rett måte, unnateke skaden på nabotanna. Ein bør kunne unngå å bore seg langt inn i nabotanna, når ein skal dele ei tann. Behandlinga var mest sannsynleg ikkje i tråd med god tannmedisinsk praksis.

Erstatningssøkjaren har i utgangspunktet rett til erstatning for at nabotanna måtte rotfyllast og få ei ny fylling på toppen. Ho har betalt 6000 kroner for rotfyllinga hos spesialist, og fyllinga er gjort utan kostnader hos den faste tannlegen. Kravet i lova er at tapet må vere på 10 000 kroner eller meir, for at det skal vere omfatta av pasientskadeordninga. Kvinna fikk difor avslag på søknaden om erstatning.

Trekking av jeksel - medhald

Ein mann fekk ein større skade i tolvårsjekselen, og tanna måtte trekkjast. I samband med trekkinga måtte tanna delast i to. Tannlegen bora for langt, slik at det oppsto skadar på rota til seksårsjekselen framanfor. Tanna let seg redde ved hjelp av rotfylling og ved å setje på ei krone på toppen.

Vurderinga vår 
Det var grunnlag for å trekkje tolvårsjekselen. Ein bør kunne unngå å bore seg langt inn i nabotanna, når ein skal dele ei tann. Behandlinga har mest sannsynlig ikkje vore i tråd med god tannmedisinsk praksis.

Mannen hadde betalt 8500 kroner til spesialisten, som undersøkte og rotfylte tanna og kontrollerte resultatet tre månader seinare. Han betalte òg 8000 kroner for to mellombels fyllingar, og for den nødvendige krona som blei sett på den skadde tanna. Dei samla utgiftene hans var på nær 17 000 kroner. Dette er meir enn  minstekravet i lova på 10 000 kroner. Mannen fekk medhald i søknaden om erstatning.