Erstatning ved vaksineskade

NPE behandlar erstatningskrav som gjeld skadar etter alle vaksinar i Noreg, òg koronavaksinen.

Styremaktene ynskjer at innbyggjarane skal la seg vaksinere for å unngå spreiing av smittsame sjukdomar. Difor har staten laga eit nasjonalt vaksinasjonsprogram, som han er ansvarleg for.

Vaksinar som inngår i det nasjonale vaksinasjonsprogrammet

Vaksinar som inngår i det nasjonale programmet er såkalla tilrådde vaksinar. I dag omfattar dette:

Les òg forskrift om programvaksinane.

Det er eigne reglar for årsaker og prov som gjer det lettare å få erstatning ved skadar av dei tilrådde vaksinane, enn ved andre vaksinar.

Du har krav på erstatning så lenge vaksinen i vaksineprogrammet kan vere årsak til skaden, og det ikkje finst éin eller fleire andre meir sannsynlege årsaker.

Du kan lese meir om vaksinar og vaksinasjon på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Erstatning etter andre vaksineskadar

Døme på andre vaksinar er dei du tek frivillig. Det kan vere vaksine ved forretnings- og feriereiser, vaksine mot skogflått og rabies m.m.

Når det gjeld biverknadsskadar etter desse vaksinane, er utgangspunktet at du har krav på erstatning om vaksinen mest sannsynleg har forårsaka ein skade. Du har rett til erstatning uavhengig av om det er noko gale med vaksinen, eller om det har vore svikt ved gjennomføringa av vaksinasjonen.

For å finne svar på om vaksinen har forårsaka ein skade nyttar vi mellom anna sakkunnige spesialistar innanfor vaksinefeltet, nevrologi, infeksjonssjukdomar og indremedisin.

I desse sakene gjeld dei same krava til samanheng mellom skade og behandling som i pasientskadesaker elles.

NPE behandlar erstatningskrav på vegner av vaksineprodusentane

Det er to lover som kan dekkje erstatning etter vaksineskadar i Noreg. Den eine er pasientskadelova. Ho dekkjer vaksinar som inngår i det nasjonale vaksineprogrammet.

Den andre er produktansvarslova, som inneheld eit eige kapittel om legemiddelansvar. Ho dekkjer vaksinar som ikkje inngår i det nasjonale vaksineprogrammet.

NPE behandlar òg erstatningskrav på vegner av legemiddelprodusentane, via Legemiddelforsikringen. Dette gjeld alle legemiddelskadar, òg vaksineskadar som til dømes reisevaksinar og flåttvaksine.

Produsentane av vaksinar er forsikra

Legemiddelforsikringen er ei obligatorisk ordning som sørgjer for at alle med produktansvar for legemiddel i Noreg betalar inn ein sum kvart år. På den måten er legemiddelprodusentar dekte gjennom ei pliktig forsikring.

Legemiddelforsikringen har sett ut jobben med å behandle krav om erstatningar til NPE. Det er Legemiddelforsikringen som betalar ut den erstatninga NPE tilrår.

Generell erklæring om koronavaksiner

Erklæring fra professor Gunnveig Grødeland, som er til hjelp for sakkyndige. Den sier noe om utviklingen av koronavaksiner, hvordan de virker, eventuelle bivirkninger og mer.

Mandat: AstraZeneca-vaksinen

AstraZeneca vaksinen var en av flere koronavaksiner som ble tatt i bruk i Norge. Fordi det etter hvert ble meldt om sjeldne og svært alvorlige bivirkninger, ble vaksinen tatt ut av bruk i april 2021.

Mandat: Pfizer- og Moderna-vaksinen

Koronavaksinane frå Pfizer og Moderna er anbefalte vaksinar etter smittevernlova.

Veileder for sakkyndigvurderinger i koronavaksinesaker

Vaksiner mot covid-19 inngår i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram og er en anbefalt vaksine.